Vil du vere med å forme framtida for ungdomsarbeidet vårt?
ØYGARDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD · Straume, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- ØYGARDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD
- Location
- Straume, Norge
- Posted
- June 29, 2026
About this job
Vil du vere med å forme framtida for ungdomsarbeidet vårt? Brenn du for å leie og inspirere ungdom i trua? Ønskjer du å skape eit levande og inkluderande fellesskap der ungdom kan vekse, utvikle seg og finne sin plass i kyrkja? Vi søkjer etter ein engasjert ungdomsprest som kan ta åndeleg og strategisk leiaransvar for ungdomsarbeidet vårt. Gjennom undervisning, fellesskap, relasjonsbyggjing og oppfølging vil du vere med å utruste ungdom og medarbeidarar. Som ungdomsprest blir du ein del av det tverrfaglege teamet i Foldnes sokn, med hovudbase i Foldnes kyrkje. Her får du vere med på eit mangfaldig og aktivt kyrkjelydsarbeid som når ut til alle aldersgrupper. Foldnes sokn har 8613 medlemmer, der 1660 er under 18 år. Vi jobbar etter visjonen: Di kyrkje for alle dagar. Du vil samarbeide tett med eit dyktig sokneteam sett saman av sokneprest, diakonimedarbeidar, kyrkjetenar, kyrkjelydspedagog, ungdomsarbeidar og organist. Kyrkjelydane Fjell, Foldnes og Landro samarbeider om delar av ungdomsarbeidet, her vil ungdomspresten ha eit overordna ansvar. I tillegg blir du ein del av «Seksjon for barn og unge» – eit fellesskap av 15 engasjerte medarbeidarar frå heile fellesrådet. Vi møtast jamleg for fagleg påfyll, erfaringsdeling, lagbygging og inspirasjon. Er du klar for å vere med på å skape eit engasjerande og trygt fellesskap der ungdom kan oppdage og leve ut si kristne tru? Då vil vi gjerne ha deg med på laget! Arbeidsoppgåver Åndeleg leiing av ungdomsarbeidet Strategisk leiing og visjonsarbeid Involvering av ungdom i gudstenesta Hovedkontakt for konfirmantåret Ansvar for konfirmantundervisning i team saman med sokneprest, ungdomsarbeidar og pedagog Gudstenestearbeid Leiarutvikling for ungdom Leirar Etablere og organisere bibelgrupper eller andre grupper/tiltak for tweens og ungdom Oppfølging av medarbeidarar knytt til ungdomsarbeidet (tilsette og frivillige) Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak og arrangement Kvalifikasjonar Vi søkjer ein kandidat som er ordinert prest eller som i nær framtid skal ordinerast til presteteneste i Den norske kyrkja Anna pedagogisk og/eller teologisk/kristendomsfagleg utdanning på bachelornivå kan vurderast Erfaring frå arbeid blant unge i kyrkja er ønskjeleg Gode kommunikasjons- og formidlingsevner på norsk, munnleg og skriftleg Søkar må vere medlem av Den norske kyrkja Søkar må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil Den som vert tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest i tråd med Trossamfunnsloven § 20) Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, vil òg kandidatar som kvalifiserer for ordninga Prest under utdanning (PPU), bli vurderte. I så fall må du leggje fram stadfesting frå studiestaden på at du har fått plass på erfaringsbasert master. Du kan ha maksimalt 120 studiepoeng att før du oppfyller krava til vigsling til presteteneste (jf. tenesteordning for prestar § 3). Det må reknast med bindingstid, normalt to år. Ta kontakt dersom du ønskjer meir informasjon. Personlege eigenskapar Støttande og visjonær Gode relasjons- og samarbeidsevner Strukturert, sjølvstendig Evne til langsiktig tenking Initiativrik og ansvarleg Vi tilbyr Fleksibel arbeidstid Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit stort og kreativt arbeidsfellesskap Løn og arbeidstilhøve følgjer tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor. Pensjonsmedlemskap i KLP Anna Vi legg vekt på søkarar sine personlege eigenskapar, og at kompetanse og eigenskapar hos dei tilsette i teamet utfyller kvarandre. Kvelds- og helgearbeid må påreknast. Administrasjonsspråket i Øygarden kyrkjelege fellesråd er nynorsk. Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke stillinga. Kontaktinformasjon Rannveig Vestbøstad Vik, Seksjonsleiar for barn og unge, Arbeidsstad Austre Skiftedalsveg 25 5354 Straume Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øygarden kyrkjelege fellesråd Referansenr.: 5151681529 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card