Vil du vere med og bidra til god økonomistyring i Lærdal kommune?
LÆRDAL KOMMUNE STAB OG STØTTE · Lærdal, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- LÆRDAL KOMMUNE STAB OG STØTTE
- Location
- Lærdal, Norge
- Posted
- July 2, 2026
About this job
Me søkjer ny økonomikonsulent i fast stilling til avdelinga for økonomi, HR og IKT. Avdelinga leverer støttefunksjonar til heile organisasjonen og samarbeider tett med kommunen sine fire kommunalområde. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar og moglegheit til å påverke utviklinga av kommunen sine tenester. Ønskja kompetanse: Høgare utdanning på bachelornivå innan økonomi/administrasjon er ønskjeleg Erfaring med digitale økonomiverktøy og system Erfaring innan økonomi og lønsarbeid, gjerne frå offentleg sektor Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og resultatorientert Relevant praksis kan kompensera for manglande formell utdanning. Arbeidsoppgåver: Ansvar for kommunale avgifter Oppgåver knytt til fakturamottak Fakturering og innkreving Bokføring, avstemming og kontroll Oppgåver knytt til fagområdet økonomi, rekneskap og løn Andre oppgåver kan tilkoma etter avtale med leiar Me tilbyr: Løn etter hovudtariffavtalen i KS. Stillinga er løna etter garantilønstabellen for tilsette med utdanning på inntil bachelornivå, med omsyn til kompetanse og erfaring. Gode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLP. Gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet. Eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer. Moglegheit for heimekontor inntil ein dag i veka Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har: Full barnehagedekning Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette. Link til søknadsskjema: Søk her
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card