Psykiater
HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOP NORDMØRE/ROMSDAL DØGNSEKSJON HJELSET · Hjelset, Norge · Remote-friendly
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOP NORDMØRE/ROMSDAL DØGNSEKSJON HJELSET
- Location
- Hjelset, Norge
- Posted
- February 25, 2026
About this job
Vi søkjer ny kollega! Som overlege i vår seksjon blir du ein del av eit behandlingsteam med 3 overlegar (spesialistar i psykiatri), 1 psykologspesialist, samt legar i spesialisering innan psykiatri. Seksjon vår er ein akuttpsykiatrisk seksjon med ansvar for ca 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal. Vi tek imot både frivillege og tvangsinnleggingar. Stillinga inneber ansvar for begge typer pasientar, og vil gi ei brei erfaring med ei rekke akuttpsykiatriske problemstillinger. I seksjonen har vi legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5.års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen. Vi har over tid fått gode tilbakemeldinger på eit godt arbeidsmiljø og at seksjonen vår er ein hyggeleg stad å jobbe. Vi tilstreber at spesialistane samarbeider omkring pasientane, og det er lav terskel for tverrfaglege drøftinger. Vil du vere med på laget vårt? Send oss ein søknad! Arbeidsoppgåver Diagnostisk utgreiing og behandling Individuell og tverrfagleg behandling Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse Internt samarbeid og rettleiing Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing Pårørandesamtalar Samarbeid med miljøpersonalet om miljøterapeutiske tiltak Psykoedukasjon for pasientar og pårørande Deltaking i bakvaktsordning for overlegar Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Inneha norsk autorisasjon som psykiater eller vere i sluttfasen av si spesialisering innan psykiatri/rus Må meistre norsk munnleg og skriftleg Erfaring frå undervisning- og rettleiingsverksemd Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering. Personlege eigenskapar Du har god språkleg framstillingsevne Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver, sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø Du har sans for ein diskusjon og har ein god porsjon humor Du må ha god fysisk og psykisk helse Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Regionen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her Kontaktinformasjon Ingrid Ølander, Konst. seksjonsleiar, Arbeidsstad Opdølvegen 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 4984716018 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.09.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card