Faglærar - Teknologi og industrifag
HERØY VIDAREGÅANDE SKULE · Fosnavåg, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- HERØY VIDAREGÅANDE SKULE
- Location
- Fosnavåg, Norge
- Posted
- June 30, 2026
About this job
Vil du vere med å utdanne framtidas fagarbeidarar? Herøy vidaregåande skule har ledig 100% fast stilling som lærar i programfag på Teknologi og industrifag. Vi søker en fagleg sterk og samarbeidande kollega med kompetanse til å undervise i programfaga ved Vg1 TIF, eventuelt Vg2 Industriteknologi eller Maritime fag som har eit genuint engasjement for yrkesfaglig opplæring. Herøy vidaregåande skule er ein tradisjonsrik yrkesfagleg skule som utdannar yrkesutøvarar for regionen og nærmiljøet. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen for at elevane skal oppleve å lukkast i utdanninga. Vi er rundt 250 elevar og eit 60-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk Helse- og oppvekstfag Naturbruk Restaurant- og matfag Teknologi- og industrifag Skulen sin storleik gjer at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer. Arbeidsoppgåver Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i programfag for Teknologi- og industrifag Funksjon som kontaktlærar kan bli lagt til stillinga Aktiv deltaking i fagleg og pedagogisk samarbeid Oppfølging og veiledning av elever i praktisk arbeid og i utplassering (Yrkesfaglig fordypning) Kontakt og samarbeid med relevante bedrifter innen næringa I tillegg kan det også bli aktuelt med undervisning i andre fag, som du måtte være kvalifisert til Kvalifikasjonar Har relevant yrkesteoretisk kompetanse på fagskolenivå og pedagogisk utdanning eller yrkesfaglærarutdanning. Anna relevant utdanning med fagbrev og yrkeserfaring kan verte vurdert. Pedagogisk utdanning (PPU-Y) eller vilje til å ta pedagogisk utdanning. God muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Gode digitale ferdigheiter relevant for undervisning. Gyldig politiattest. Personlege eigenskapar Vi søkjer etter deg som har eit positivt elevsyn og som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell. Du må like å arbeide med ungdom. Du har eit stort engasjement for faget ditt. Du bidreg til elevane si faglege og sosiale utvikling. Du har ein inkluderande veremåte. Du er fleksibel og ser moglegheiter. Du likar godt å samarbeide. Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre du samarbeider med. Personlege eigenskaper vert tillagt vekt i tilsettinga. Vi tilbyr Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø. Rettleiing for nytilsett pedagogisk personale. God tilgang til faglige nettverk og faglig utvikling. Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring. Løns- og arbeidsvilkår i høve lov- og avtaleverk. Kontaktinformasjon Tore Tangen, Rektor, Arbeidsstad Lisjebøvegen 4 6091 Fosnavåg Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5151658702 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.08.2026 Søknadsfrist: 19.07.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card