Prosjektleiarar - med arbeidsstad i Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal
LINJA AS AVD GURSKØY · Gurskøy, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- LINJA AS AVD GURSKØY
- Location
- Gurskøy, Norge
- Posted
- July 2, 2026
About this job
Linja byggjer, vedlikeheld og driftar eit straumnett rusta for framtida. Våre dyktige fagfolk løyser utfordringar som gjer regionen meir berekraftig, og gir kraft til nyskaping og utvikling. Som eitt av dei største nettseselskapa i landet, forsyner vi over 100 000 kundar frå Askvoll i sør til Ålesund i nord med straum. Vi er nær 300 tilsette på fleire lokasjonar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Aktiviteten i nettet aukar, og vi har mange spennande prosjekt og eit omfattande investeringsprogram. Derfor ønskjer vi fleire dyktige prosjektleiarar med på laget. Hos oss får du ansvar for å drive prosjekt trygt og effektivt frå planlegging til gjennomføring, i tett samarbeid med fagmiljø og samarbeidspartar. Som prosjektleiar i Linja, vil du: Leie større prosjekt på både distribusjonsnett og regionalnett Planlegge prosjekt og sikre god gjennomføring frå start til slutt Samarbeide tett med og leie dedikerte team Bestilling og oppfølging av prosjektaktivitetar Ansvar for helse, miljø og sikkerheit i prosjekta Dine kvalifikasjonar: Bachelorgrad eller teknisk fagskule innan elkraft eller fornybar energi Erfaring med bygging og drift av kraftnett er ein fordel, men ikkje eit krav Kandidatar i sluttfasen av utdanning blir oppmoda til å søke Fleksibilitet, initiativ og gode samarbeidsevner er viktige eigenskapar Vi tilbyr deg: Sterkt fagleg fellesskap Varierte og utviklande oppgåver Konkurransedyktig løn og vilkår Gode forsikringar og pensjonsvilkår Fleksible ordningar for arbeidstid og høve til heimekontor Avdelinga sitt ingeniørmiljø er knytt til våre kontor i Dragsund, Florø, Måløy, Nordfjordeid, Sandane, Stranda, Stryn og Ålesund. Vi legg til rette for at du kan ha oppmøteplass på ein av desse lokasjonane. Samfunnet krev stadig meir av straumnettet. I denne stillinga får du vere med å utvikle og styrke denne kritiske infrastrukturen som er avgjerande for samfunnsutvikling og verdiskaping. Søknadsfrist: 23. august 2026. Vi vurderer søknader fortløpande, og oppmodar interesserte kandidatar til å søke snarast. Vil du bli med å utvikle straumnettet for framtida? Vi gler oss til å lese søknaden din! Ta kontakt om du har spørsmål om stillinga. Vi gjennomfører bakgrunnssjekk for mellom anna å verifisere opplysningar i CV og annan dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir utført av Semac etter at kandidaten er orientert om dette og har gitt sitt samtykke.
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card