Overlege psykiatri
Spesialisert habilitering SNR, Helse Møre og Romsdal HF · Hjelset, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- Spesialisert habilitering SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Location
- Hjelset, Norge
- Posted
- July 2, 2026
About this job
Avdeling for sjukehuspsykiatri, Spesialisert habilitering SNR søker etter overlege innan fagområde psykiatri. Spesialisert habilitering SNR har ei 60% ledig stilling for overlege i psykiatri. Andre spesialistar kan bli vurdert dersom det ikkje er søkjarar med spesialisering innan psykiatri. Vi har i dag tilsett nevrolog i 40% stilling. Seksjonen gir eit tilbod til innbyggarane i Nordmøre og Romsdal med medfødte og tidleg erverva funksjonsnedsettelser. Vi held til i moderne lokaler i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR), på Hjelset som ligg ca 20 km frå Molde sentrum og 40 km frå Kristiansundsund. Busstilbodet er godt utbygd for den som ønsker å reise kollektivt. Seksjonen er ein del av avdeling for sjukehuspsykiatri og som vår overlege blir du ein del av eit større, tverrfagleg behandlingsteam, både internt i seksjonen og i avdelinga. Vil du bli med på laget? Send oss ein søknad! Arbeidsoppgåver Diagnostisk utgreiing og behandling Individuell og tverrfagleg behandling Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse Internt samarbeid og rettleiing Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing Psykoedukasjon for pasientar og pårørande Deltaking i fagutvikling, forskning og andre tiltak for kompetanseheving Kvalifikasjonar Overlege med godkjent spesialitet innan psykiatri, andre spesialistområde kan og vurderast. Norsk autorisasjon som lege Meistre norsk munnleg og skriftleg, og ha god språkleg framstillingsevne Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innen rettleiing Personlege eigenskapar Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver, sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Regionen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her Kontaktinformasjon Torill Myklebust Hjelseth, Konst. seksjonsleiar, Arbeidsstad Opdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5150252628 Stillingsprosent: 60% Fast Søknadsfrist: 17.07.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card