Barne- og ungdomsarbeidar/assistent i skule og SFO
EIDET SKULE · Vatne
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- EIDET SKULE
- Location
- Vatne
- Posted
- August 23, 2026
About this job
Har du lyst å vere med og arbeide som barne- og ungdomsarbeidar/ assistent på Eidet skule og SFO i Haram kommune? Vi har ledig to faste stillingar på 60% og 40% med oppstart snarast råd. Stillingane følgjer vanleg arbeidsår. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med om lag 400 elevar frå 1. til 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek. Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Det er tett samarbeid mellom skule og SFO. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolte over å vere ein del av. I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida. Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv. Arbeidsoppgåver Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkelte barn Gje barn positiv oppfølging og støtte Følgje opp enkeltelevar med særskilte og samansette behov Rettleie barn i leik og aktiviteter Legge til rette for og gjennomføre aktivititetar i skule og SFO Personleg assistanse i høve av- og påkledning, stell og pleieoppgåver og måltid Samarbeide med skulen sine tilsette Samarbeide med andre faginstansar ved behov Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning/erfaring Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage Beherske norsk godt både skriftleg og munnleg Godkjent politi- og tuberkulinattest Personlege eigenskapar Liker å arbeide med barn og unge og spesielt dei som treng ekstra støtte God voksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus for kvart enkelt barn Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre Ansvarsfull, engasjert og tar initiativ Trivast i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer Positiv og godt humør Personlege eigenskapar vert vektlagt Vi tilbyr Ei spanande stilling der du kan gjere ein positiv skilnad i barn sine liv Ny og moderne skule og SFO Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der mykje positiv aktivitet vert skapt Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale God pensjonsordning Kontaktinformasjon Ole André Lukkedal, Rektor,, Arbeidsstad Vatnevegen 41 6265 VATNE Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5166584691 Stillingsprosent: 60, 40% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 13.09.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Vi ser etter en optiker til Specsavers Ski · SPECSAVERS NORWAY AS
- Stormberg Kristiansand Sørlandssenteret og Avenyen søker 3 engasjerte og friluftsinteresserte butikkmedarbeidere. · STORMBERG AS AVD SØRLANSSENTERET
- Drømmer du om en karriere i bank? · MANPOWER AS AVD KRISTIANSAND
- Sesongmedarbeidere til BestDrive Arendal · BESTDRIVE NORWAY AS AVD ARENDAL 5636
- Bilpleier søkes – Fast stilling (50–100 %) og tilkallingshjelp · ELITECOAT BILPLEIE AS
- Bilklargjører søkes til anerkjent aktør i bilbransjen · JOBZONE NORGE AS AVD SANDVIKA
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card