Kommunikasjonsrådgjevar
UNIVERSITETET I STAVANGER ULLANDHAUG · Stavanger
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- UNIVERSITETET I STAVANGER ULLANDHAUG
- Location
- Stavanger
- Posted
- August 20, 2026
About this job
Om stillinga Universitetet i Stavanger har ledig eit vikariat som kommunikasjonsrådgjevar ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, fakultetsadministrasjonen. Vi ønskjer oppstart så snart som mogleg. Vikariatet varer til 31.12.2027, med moglegheit for forlenging. Vi søkjer ein serviceinnstilt kommunikasjonsrådgjevar som vil vere med på å løfte fram studietilboda innan teknisk-naturvitskaplege fag og inspirere studentar. Du får ei sentral rolle i arbeidet med innhald og kommunikasjon i ulike kanalar, retta mot potensielle studentar og andre relevante målgrupper. Stillinga passar for deg som trivst med ein variert kommunikasjonskvardag, har eit godt blikk for kva som fungerer i digitale kanalar, og likar å omsetje informasjon til tydeleg og engasjerande kommunikasjon. Du vil arbeide tett med instituttleiarar, studentorganisasjonar og linjeforeiningar. Ein viktig del av jobben er å ta initiativ og drive arbeidet framover. Vi ser etter deg som ser moglegheiter, kjem med idear og utfordrar oss til å kommunisere betre og tenkje nytt. Du vil få stor tillit og gode moglegheiter til å forme arbeidet ditt. Du blir ein del av fakultetsadministrasjonen, som består av ti medarbeidarar. Samstundes blir du ein del av UiS sitt større fagmiljø for kommunikasjon og samfunnskontakt. Her deltek du mellom anna i faste kommunikasjonsfaglege samlingar og i samarbeid om studentrekruttering på tvers av universitetet. Hovudoppgåver profilere og marknadsføre utdanningane ved fakultetet planleggje og gjennomføre kommunikasjons- og rekrutteringsaktivitetar utvikle og produsere innhald til nettsider og andre digitale kanalar identifisere gode historier og aktuelle saker, og bidra med innsalg til media samarbeide med studentorganisasjonar og linjeforeiningar om rekruttering og kommunikasjon ha kommunikasjonsansvar i samband med mellom anna semesterstart og open dag bidra i nasjonale og internasjonale rekrutteringsaktivitetar følgje opp og vurdere effekten av kommunikasjons- og marknadsføringstiltak ta bilete og produsere enkelt visuelt innhald ved behov Kvalifikasjonar Du må ha: høgare utdanning innan kommunikasjon, marknadsføring eller journalistikk, fortrinnsvis på masternivå. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet relevant erfaring med kommunikasjons- og/eller marknadsføringsarbeid erfaring med bruk av relevante IT-verktøy og innsikt i strategisk bruk av sosiale medium svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (begge målformer) og engelsk Vidare blir det lagt vekt på at du: har innsikt i informasjonstrygging og personvern har erfaring med arbeid på nettsider og bruk av publiseringsløysingar har erfaring med medieinnsalg eller pressearbeid har erfaring med foto eller enkel visuell innhaldsproduksjon tek initiativ og driv arbeidet framover på eiga hand er kreativ og ser moglegheiter er omgjengeleg, serviceinnstilt og lett å samarbeide med trivst med mange kontaktflater og byggjer gode relasjonar er fleksibel og komfortabel med ein variert arbeidskvardag Vi tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 550.000 - 650.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider Mangfald Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når me har ulike bakgrunnar og røynsler, kan me sjå utfordringar frå fleire vinklar og finna betre løysingar. På UiS er me opptekne av å visa respekt for ulikskapane våre, og legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Me tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar. Synest du denne stillinga er interessant, oppmodar me deg til å søkja, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn, eller om du i ein periode har vore utanfor arbeidslivet. Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, inviterer me minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenner du deg att i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår. Les meir om krava for å verta vurdert som søkjar i desse gruppene her. Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert. Søknad Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga. Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil de
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Application Service Manager · HEAD ENERGY CONSULTING AS AVD STAVANGER
- Sykepleier og helsefagarbeider til natt -tilkallingsvikar · STAVANGER KOMMUNE HELSE OG VELFERD ADMINISTRASJON
- Prosjektleder · HEAD ENERGY CONSULTING AS AVD STAVANGER
- 🚕 Taxisjåfør søkes – fleksibel arbeidstid, dag, kveld og natt · YEAMLAKBEKINATOLI AS
- Ønsker du å jobbe med et nytt globalt skatteregime rettet mot store internasjonale konsern? · Global skatt, divisjon næring
- Ønsker du å jobbe med et nytt globalt skatteregime rettet mot store internasjonale konsern? · Global skatt, divisjon næring
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card