Fagleiar institusjonskjøken
STAD KOMMUNE HOGATUNET BU- OG BEHANDLINGSSENTER · Nordfjordeid, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- STAD KOMMUNE HOGATUNET BU- OG BEHANDLINGSSENTER
- Location
- Nordfjordeid, Norge
- Posted
- August 19, 2026
About this job
Vil du leie eit viktig fagmiljø der god mat, ernæring og kvalitet er avgjerande for helse, trivsel og livskvalitet? Ved Hogatunet bu- og behandlingssenter har vi ledig 100 % fast stilling som fagleiar for institusjonskjøkenet frå 01.12.2026. Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert leiar som ønskjer å vidareutvikle eit kjøkken med høg aktivitet og ei sentral rolle i kommunen sine helse- og omsorgstenester. Du må trivast med endringsarbeid, kvalitetsutvikling og digitalisering, og ha evne til å motivere medarbeidarar gjennom utvikling og forbetring. Institusjonskjøkkenet produserer dagleg måltid etter kok/server-metoden til institusjon, bufellesskap, dagsenter og heimebuande. Vi leverer ernæringsrike og velsmakande måltid til om lag 120 brukarar kvar dag, og har eit breitt tilbod innan spesialkost, bakevarer og tradisjonsmat. Som fagleiar får du ansvar for den daglege drifta av kjøkkenet, og ei viktig rolle i vidare utvikling av tenesta. Du vil samarbeide tett med einingsleiar og relevante samarbeidspartnarar for å sikre kvalitet, mattryggleik, god ressursutnytting og eit framtidsretta kjøkkentilbod. Arbeidsoppgåver Leie og vidareutvikle den daglege drifta av institusjonskjøkenet Sikre god kvalitet, mattryggleik og fagleg standard i tenesta Bidra til utvikling av effektive og framtidsretta arbeidsprosessar Leie og delta i forbetrings- og kvalitetsarbeid Utarbeide, implementere og følgje opp rutinar innan IK-mat, HACCP og internkontroll Ha ansvar for varebestilling, varemottak og ressursstyring Delta aktivt i produksjon, planlegging og utvikling av måltidstilbodet Rettleie og følgje opp medarbeidarar, og leggje til rette for fagleg utvikling Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein positiv samarbeidskultur Samarbeide med einingsleiar om budsjett, personaloppfølging og utvikling av tenesta Kvalifikasjonar Fagbrev som kokk eller institusjonskokk Leiarerfaring frå storkjøken eller tilsvarande verksemd er ønskjeleg Erfaring med kvalitetsarbeid, internkontroll og forbetringsprosessar God økonomiforståing og erfaring med budsjettarbeid, innkjøp og bestillingssystem God kunnskap om IK-mat, HACCP, ernæring og spesialkost Svært gode digitale ferdigheiter og erfaring med relevante fagsystem Erfaring med digitale arbeidsverktøy og dokumentasjonssystem er ein fordel Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Vi ønskjer ein leiar som: Er tydeleg, trygg og inkluderande i leiarrolla Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Er strukturert, løysingsorientert og sjølvstendig Evnar å skape engasjement, utvikling og gode relasjonar Har gjennomføringskraft og evne til å leie endringsprosessar Er open for nye idear og arbeider aktivt for kontinuerleg forbetring Har interesse for ernæring, matglede og gode måltidsopplevingar for eldre Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt Vi tilbyr Ei spennande leiarstilling med høve til å påverke utviklinga av tenesta Eit viktig samfunnsoppdrag i ein organisasjon med fokus på kvalitet og utvikling Engasjerte medarbeidarar og gode samarbeidspartnarar Lønn etter avtale og gjeldande tariffvilkår Årsarbeidsplan og arbeid kvar tredje helg Gode pensjons- og forsikringsordningar Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontakte einingsleiar Heidi Munch Starheim Kontaktinformasjon Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter,, Arbeidsstad Skulevegen 24 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5165216778 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card