Sjukepleiar - 100 % fast - Tysnes omsorgssenter
TYSNES OMSORGSSENTER · Uggdal, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- TYSNES OMSORGSSENTER
- Location
- Uggdal, Norge
- Posted
- August 19, 2026
About this job
Me søkjer etter deg som har engasjement for eldreomsorg! Me har ledig ei 100 % stilling som sjukepleiar i todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3.helg. Tysnes omsorgssenter ligg i nye, fine lokaler, i eit moderne bygg som stod ferdig i 2017. Me er oppteken av pasientnært arbeid, og velferdsteknologi er eit av hjelpemidlane som gjev oss meir kvalitetstid med bebuarane. Tysnes omsorgssenter består av 30 institusjonsplassar, plassar til korttids- og rehabiliteringsopphald og dagsenter for personar med demens. Me har óg ein KAD-plass der det vert gitt tilbod om augeblikkeleg hjelp som alternativ til innlegging på sjukehus. Heimetenesta er lokalisert i samme bygg, og me har eit tett samarbeid for å sikre gode tenester og eit heilskapleg pasientforløp. Arbeidsoppgåver Heilskapleg ansvar for pleie- og omsorg relatert til bebuarane. Sjukepleiarfaglege oppgåver og vurderingar. Miljøarbeid og utvikla ADL-ferdigheiter. Lage og følgje opp pleieplanar og prosedyrar. Deltaking i gruppemøter, dagleg rapportering og ulike fagmøter. Rettleiing av personalet og tverrfagleg samarbeid. Pårørandesamarbeid. Dokumentasjon i CosDoc. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa er eit ønskje. Tverrfagleg forståing - saman yt me best teneste. Gode grunnleggjande datakunnskap. God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg. Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram: Politiattest (ikkje eldre enn 3 månader), politiattest, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose. Personlege eigenskapar Du ser verdien av ei heilskapleg og personsentrert omsorg, og fordelar med aktivitet og mobilisering av brukarane sine ressursar. Du brenn for faget, tek ansvar og arbeidar målretta med pasientplanar, og oppfølginga av desse. Du er vennleg og tillitsvekkande, fleksibel, viser initiativ, og er delaktig i utviklinga for godt pasientarbeid og arbeidsmiljø. Du har pågangsmot, har løysingsfokus og gode samarbeidsevner. Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Kvifor skal du jobba hos oss? Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gje gode helsetilbod og verdige rammer for våre bebuarar? Då trur me du vil trivast hos oss! Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus, du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Du vil og oppleva ein utfordrande, hektisk og lærerik arbeidskvardag i eit godt og trygt arbeidsmiljø. Hos oss får du rammer som sikrar deg ei fornuftig balanse mellom jobb og fritid gjennom årsturnus. Turnusen er to-delt, med arbeid kvar 3.helg. Medlemskap i KLP føl med tilsetjing. Det betyr at du får blant ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søka om bustadlån med gunstige betingelsar. Les meir på KLP sine nettsider. Du blir tilsett i sjukepleiar-stilling, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar. I Tysnes kan du få mulighet for kr 25 000 i avskriving av studielånet ditt årlig fra 2026, når Ny ordning for distriktskommuner blir vedteke av Stortinget. Informasjon til søkar Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar. Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte. Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge. Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card