Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

SØRE ØYANE BARNESKULE · Lepsøy, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
SØRE ØYANE BARNESKULE
Location
Lepsøy, Norge
Posted
August 19, 2026

About this job

Vi har ledig 89 % vikariat med oppstart snarast til 31.07.27. Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Arbeidsstad Søre Øyane barneskule ligg idyllisk til på Sundøy, sørvest for Osøyro. Vi ligg i eit maritimt miljø, med gode mogelegheiter for aktivt bruk av naturen. Vi er 96 elevar fordelt på 1.-7. trinn, og 22 tilsette. Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Som vaksne møter vi difor kvart barn med respekt og omsorg, og er gode rollemodellar for dei. På Søre Øyane barneskule søker vi heile tida å utvikle oss i eit engasjert profesjonsfellesskap. I våre klasserom skal det vere rom for alle og blikk for den einskilde. Samhald og meistring er slagordet vårt, og gjennom det ønsker vi å legge til rette for kollektive læringsopplevingar for store og små. Saman med FAU, lokalt idrettslag og barnehage jobbar vi i prosjektet "Saman er vi best", med mål om å skape eit godt oppvekstmiljø for alle. Arbeidsoppgåver Tilsyn, rettleiing og pedagogisk arbeid i team rundt elev med spesielle behov. Tett samarbeid med lærar, for å kunne støtte og hjelpe elevar i undervisning. Delta i symjeopplæringa med elevar. Arbeid i skulefritidsordninga. Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men personlege eigenskapar er vel så viktige. Skulen er opptatt av gode samarbeidsevner i team. Personlege eigenskapar vert vektlagt, då vi strevar etter ei brei samansetning i personalet. Vi oppfordrar derfor menn til å søkje. Symjekompetanse er naudsynt. Utanlandsk utdanning må vere godkjent frå HK-dir. Det vil sei at du må kunne vise til: - «godkjenning av utanlandsk høgare utdanning» - «godkjenning av utanlandsk fag-/sveinebrev». God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. Eigenskapar Det bli lagt vekt på personlege eigenskapar, og eleven og skulen sitt behov. Vi ønsker oss medarbeidarar som er glad i å jobbe med barn, og som er strukturerte og tydelege, med gode evner til å kommunisere. Stabilitet og evna til å tenke heilskapleg er særs viktige eigenskapar. Grensesetting og livserfaring er naudsynte kvalitetar for møte eleven på ein god måte. Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og utvikling er viktig for oss. Vi ønsker oss ein raus kollega med god relasjonskompetanse, positive haldningar og godt humør. Som vår nye kollega må du kunne bidra til å oppretthalde eit helsefremmande arbeidsmiljø og kunne legge til rette for eit godt samarbeid med dei føresette. Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. Vi tilbyr - Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø - Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring - Løn etter gjeldande avtalar - Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette. Vi vil aldri be søkar om å oppgje BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free