Seniorkonsulent ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN · Bergen, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN
Location
Bergen, Norge
Posted
August 19, 2026

About this job

https://youtu.be/M5n6RnScNgA Om stillinga Likar du å arbeide med menneske? Ønsker du å vere med å bidra til å legge til rette for ein god studiekvardag for studentane og ein god arbeidsdag for dei som underviser? Er du opptatt av utdanning, danning og dei humanistiske fagas relevans for samfunnet? Om desse beskrivingane passar for deg, håpar vi du vil søke på vikariatet vi har ledig ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) i 100 % stilling som seniorkonsulent (studie/eksamenskonsulent). Det er ønskeleg med oppstart så raskt som mogleg. Vikariatet har varigheit ut august 2027 med moglegheit for forlenging. LLE er eitt av fire institutt ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Instituttet femner om faga litteraturvitskap, språkvitskap, norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, kunsthistorie, klassisk filologi, teatervitskap, digital kultur og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette. Det er om lag 80 vitskapeleg tilsette ved instituttet, 50 ph.d.-kandidatar og postdoktorar og 17 personar knytte til administrasjonen. Studiegruppa består av åtte tilsette med studieleiar som koordinator. Administrasjonssjef er personalansvarleg. Arbeidsoppgåver: Stillinga har varierte oppgåver innan studieadministrasjon, med hovudområda: planlegging og avvikling av eksamen og undervisning kontakt med fagmiljøet og særleg fagkoordinatorar rettleiing, mottaking og oppfølging av studentar studieplanarbeid oppfølging av utdanningsplanar og masterkontraktar kontakt med interne og eksterne sensorar sekretær for programstyre informasjons- og rekrutteringsarbeid ymse sakshandsaming rutineutvikling og deltaking i fagleg-administrative nettverk bemanning av fakultetets informasjonssenter Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet ved instituttet. Alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre administrative oppgåver enn dei som i utgangspunktet ligg til stillinga. Kvalifikasjonar: Personlege eigenskapar: I stillinga må du ha: Motivasjon og interesse knytt til oppgåvene som ligg til stillinga og til samfunnsoppdraget sektoren har. Evne til å vere nøyaktig og merksam på detaljar. Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, initiativ, fleksibilitet og sørvisinnstilling. Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta. Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress. Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil bli tungt vektlagt i vurderinga av kandidatar. Stillinga krev at du har: Det er krav om mastergrad. Lang og relevant praksis kan i særskilte tilfelle delvis kompensere for manglande formell utdanning. God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk. Det er ein føremon om du også har: Interesse for - og erfaring frå instituttets fagtilbod. Kunnskap om - og kjennskap til UH-sektoren generelt og arbeidsoppgåvene spesielt. Arbeidserfaring frå tilsvarande stilling, sørvisyrke og/eller med offentleg forvalting. Hos oss får du: Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, utfordrande arbeidsoppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving. Ei stor kontaktflate i organisasjonen. Erfarne kollegaer som deler kunnskap. Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med fleksitid og gode velferdsordningar. Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen - nær både byliv og natur. Løn som seniorkonsulent (stillingskode 1363) med ei brutto årsløn på 615 000,- til 645 000,- avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn. Medlemsskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån. Slik søkjer du stillinga: Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Svar på spørsmåla som blir stilte og følg så stega i søknadsprosessen. Legg inn følgjande: Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga. Under «CV», oppgi: Personalia. Erfaringar og kvalifikasjonar. Språkferdigheiter, først og fremst i bokmål, nynorsk og engelsk. Minst tre referansepersonar. Ein av desse bør vere noverande eller tidlegare overordna. Under «Vedlegg» skal følgjande lastast opp som separate dokument: Karakterutskrift og vitnemål lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, last dei opp som vanlege filer. Relevante attestar som dokumenterer dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar. Søknadstekst og CV må vere på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavis

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free