Merkantil medarbeidar, 80 % vikariat med moglegheit for forlenging

Kviteseid skule, Kviteseid kommune · Kviteseid, Norge · Remote-friendly

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
Kviteseid skule, Kviteseid kommune
Location
Kviteseid, Norge
Posted
August 19, 2026

About this job

Ved Kviteseid skule er følgjande stilling ledig: Merkantil medarbeidar, 80 % vikariat frå 01.09.2026 til 31.12.2026, med moglegheit for forlenging. Kviteseid skule søkjer ein serviceinnstilt og strukturert merkantil medarbeidar til eit vikariat knytt til sjukefråvær hos fast tilsett. Vikariatet er i første omgang ut året 2026, men det kan bli aktuelt med forlenging dersom fråværet held fram. Den faste medarbeidaren kan òg kome tilbake i arbeid i løpet av vikariatstida. Kviteseid skule er ein 10-årig skule med om lag 220 elevar og 50 tilsette. 1.–4. trinn er samlokalisert med Kviteseid barnehage i eige bygg. 5.–10. trinn held til i eit moderne og nyrenovert skulebygg. Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar. Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. Arbeidsoppgåver Resepsjonsteneste og enkelt sentralbord Arbeid med digitale elevmapper Arbeid med sakshandsamingssystemet Elements og elev-/personalsystemet Visma Flyt Skole Tilgangsstyring i ulike system for tilsette og elevar Fråværsregistrering System og prosessbygging Attestering av fakturaer og timelister Kontakt med elevar og føresette Administrasjon av skuleskyss Karakteroppgjer og vitnemål Posthandtering Bestillingar og innkjøp Ansvar for digitalt låssystem og nøklar Skulemjølk Andre administrative oppgåver etter behov Kvalifikasjonar Er serviceinnstilt og imøtekomande Er fleksibel, strukturert og løysingsorientert Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Kan arbeide sjølvstendig og effektivt i ein hektisk kvardag Bidreg positivt til arbeidsmiljøet Personlege eigenskapar Relevant fagbrev eller høgare utdanning er ynskjeleg Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel Kjennskap til skuleverksemd er ynskjeleg Gode IKT-kunnskapar Det er ein fordel med erfaring frå Elements og Visma Flyt Skole God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, med gode nynorskkunnskapar Må disponere eigen bil Vi tilbyr Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø Engasjerte og dyktige kollegaer Moglegheit til å påverke og utvikle skulen vidare Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar Lønn etter gjeldande avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar Kontaktinformasjon Gjermund Sivertsen, Rektor Kviteseid Skule,, Arbeidsstad Skulevegen 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5163682789 Stillingsprosent: 80% Vikar Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 25.08.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free