Politibetjent
Møre og Romsdal Politidistrikt · Elnesvågen, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- Møre og Romsdal Politidistrikt
- Location
- Elnesvågen, Norge
- Posted
- August 19, 2026
About this job
Om stillinga Ønskjer du ein meningsfull kvardag der du får jobbe med førebyggjande arbeid ved Hustadvika politistasjon? Vi har no ledig fast stilling og treng deg på laget! Vi søkjer deg som er samfunnsorientert, har gode kommunikasjonsevner og har lyst til å bidra i utviklinga av det førebyggjande arbeidet i Hustadvika og Møre og Romsdal politidistrikt. Hustadvika er ein kommune der ein kan få sletta delar av studielån. Meir informasjon her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny-ordning-for-sletting-av-studielan-no-startar-oppteninga/id3080225/ Hustadvika og Romsdalen byr på storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikjøring eller anna friluftsliv året rundt. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Hustadvika? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Er du motivert for å utgjere ein forskjell, og villig til å strekkje deg langt for å oppnå dei måla vi set i det kriminalitetsførebyggjande arbeidet? Vi søkjer medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. Arbeidsoppgåver operativ - og kunnskapsbasert førebygging med vekt på oppsøkjande og relasjonsbyggjande arbeid gjennomføre prioriterte kriminalitetsførebyggjande tiltak, tildømes oppfølging av personar i faresona, bekymringssamtalar og alternative straffereaksjonar svare ut aktuelle informasjonsbehov i politidistriktet foredrag og informasjonsverksemd, internt og eksternt samarbeide med lokal etteretning, etterforskning, politikontakter, andre førebyggjande funksjonar, vakt og beredskap, og andre einingar vedrørande personar, miljø, trendar og kriminalitetsutvikling førebyggjande arbeid opp mot offentlege verksemder bidra til å vidareutvikle driftseininga si tilnærming til det førebygjande arbeidet støtteliste ved Molde politistasjon kvar 3.helg (krev minimum IP4 godkjenning) etterforskning kan påleggast andre arbeidsoppgåver Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema god skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne operativ godkjenning i minimum kategori 4 eller at ein kan få slik godkjenning plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga. Det er også ønskjeleg med: erfaring/vidareutdanning innan kriminalitetsførebygging god kunnskap om kunnskapsbasert og kriminalitetsforebyggjande arbeid og metodikkar erfaring innan etterforskning gode ferdigheiter i bruk av relevante datasystem i politiet Personlege eigenskapar For å trivast og lykkast i stillinga ser vi for oss at du: har motivasjon og interesse for førebyggingsfaget har god sosial kompetanse og evne til å byggje relasjonar er heilskapsorientert og har gode samarbeidsevner, både internt og eksternt er strukturert og samtidig fleksibel når situasjonen krev det har evne til å byggje tillit og kommunisere godt med ulike målgrupper Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss ein utfordrande og meiningsfull stilling for deg som ønskjer å førebyggje kriminalitet fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter. Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000 til kr. 705 000 Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000 til kr. 610 000 Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000 til kr 585 000 for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnslassering bli vurdert ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell tunusteneste medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card