Tilkallingsvikarar på legekontoret
ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE SENTRALT STYRINGSORGAN · Heggenes, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE SENTRALT STYRINGSORGAN
- Location
- Heggenes, Norge
- Posted
- August 19, 2026
About this job
Vil du bli ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø? Då håpar vi å høyre frå deg! Øystre Slidre kommune sitt legekontor ligg på Heggenes, sentralt plassert mellom Beitostølen og Fagernes. Her møter du eit stabilt og godt arbeidsmiljø med fire spesialistar i allmennpraksis, ein LIS1-lege og dyktige medarbeidarar innan sjukepleie, bioingeniørfag og helsesekretærteneste. No søkjer vi tilkallingsvikarar som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Hos oss får du arbeide tett saman med erfarne fagpersonar og bidra til gode helsetenester for innbyggjarane i kommunen. Vi ser etter deg med helsefagleg utdanning og erfaring frå liknande arbeid. Dersom du allereie arbeider i turnus ein annan stad, vil vi så langt det er mogleg tilretteleggje for dette. Søkjarar blir kontakta og kalla inn til intervju fortløpande. Arbeidsoppgåver Betene telefon og resepsjon Ta imot og følgje opp pasientar i behandlingsrom Utføre prøvetaking og andre oppgåver på laboratoriet Bidra med andre oppgåver etter behov og kompetanse Kvalifikasjonar Helsefagleg utdanning og autorisasjon, til dømes sjukepleiar, bioingeniør, helsesekretær, helsefagarbeidar, ambulansearbeidar Det er ønskjeleg med erfaring frå jobb på legekontor Tilsetjing føreset framlegging av tilfredsstillande politiattest, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4 Personlege eigenskapar Du kan arbeide sjølvstendig, og i lag med andre Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevne Du har evne til å arbeide strukturert, også i periodar med høgt arbeidspress Du møter pasientar, pårørande og kollegaer på ein imøtekomande og respektfull måte Du er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver Vi tilbyr Dyktige og hyggelege kollegaer Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande tariffavtale Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP Kontaktinformasjon Per Bo Svensson, Tenesteleiar helse og tilrettelagte tenester, Arbeidsstad Bygdinvegen HEGGENES Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5168075111 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 30.09.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card