Digital pedagog

OPK-FV - Utdanning Nord, Vestland fylkeskommune · Bergen, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
OPK-FV - Utdanning Nord, Vestland fylkeskommune
Location
Bergen, Norge
Posted
August 18, 2026

About this job

Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Vi har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse. Vil du vere med å forme framtidas fagskuleutdanning? Fagskulen Vestland søkjer ein digital pedagog som vil bidra til å utvikle digitale undervisnings- og vurderingsformer og støtte faglærarar i bruk av digitale verktøy. Du vil få ei nøkkelrolle i arbeidet med å styrke den pedagogiske kvaliteten og digitaliseringa ved skulen. Arbeidsstad: Førde eller Bergen Arbeidsoppgåver Bidra til vidareutvikling av strategiar for digitalisering undervisning og vurdering Gi råd og støtte til leiargruppa i val av tekniske og pedagogiske løysingar. Vere med å utvikle ein pedagogisk plattform og digital ressursbank. Vere pådrivar for utvikling av digitale undervisningsopplegg Bidra til kompetanseheving og brukarstøtte innan digitale system og læringsplattform Følgje med på utviklinga innan kunstig intelligens (KI), og støtte faglærarar og studentar i bruk av KI i undervisning og vurdering Rettleie faglærarar i bruk av digitale verktøy Koordinere utviklingsarbeid på tvers av studiestader og fagmiljø Andre relevante oppgåver kan bli tillagt stillinga. Kvalifikasjonar Pedagogisk utdanning Erfaring frå bruka av digitale verktøy i undervising og vudering Erfaring frå bruk av kunstig intelligens i undervisnngs samanheng, og/eller innsikt i korleis KI påverkar vurdering og læringsprosessar God forståing for pedagogiske prosessar og teknologiens rolle i læring Evne til å arbeide sjølvstendig og i team, og til å drive utviklingsarbeid Ønskjeleg med erfaring med læringsdesign og digitale vurderingsformer Ønskjeleg med erfaring med prosjektleiing eller koordinering av utviklingsarbeid på tvers av einingar Ønskjeleg med erfaring med rettleiing av faglærarar i pedagogisk og digital utvikling Personlege eigenskapar Genuin interesse for læring og utvikling Initiativrik og løysingsorientert Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Strukturert og målretta. Evnar å samarbeide tett med fagmiljøa og forstå undervisningskvardagen frå innsida Evne til å motivere og rettleie kollegaer Vi tilbyr Ei spennande og utviklande rolle i eit framtidsretta fagmiljø. Moglegheit til å påverke digital utvikling i fagskuleutdanning. Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø. Gode moglegheiter for fagleg utvikling. Kontaktinformasjon Eilert Årseth, ass. rektor, Arbeidsstad Odd Frantzens plass 6 5008 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5136808292 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free