Vil du vere med og forme framtida for helse- og omsorgstenestene i Hyllestad?

Hyllestad kommune Helse og omsorgstenestene · Hyllestad, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
Hyllestad kommune Helse og omsorgstenestene
Location
Hyllestad, Norge
Posted
August 18, 2026

About this job

Hyllestad kommune har ledig stilling som kommunalsjef helse og omsorg, fast 100 % stilling frå 01.10.2026. Vil du vere ein sentral leiar i utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester i Hyllestad kommune? Vi søkjer ein tydeleg og samlande leiar som vil ta ansvar for eit viktig samfunnsoppdrag. Hos oss får du påverke strategiske val, leie dyktige fagmiljø og bidra til at innbyggjarane får gode og framtidsretta tenester. Stilinga sin næraste overordna er kommunedirektøren, og kommunalsjefen er del av direktøen si leiargruppe og beredskap/kriseleiing. Kommunalsjefen er næraste overordna til einingsleiar helse og einingsleiar omsorg. Plan, prosess, koordinering og utvikling ser vi som ein viktig del av stillinga, personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Kvifor søkje stillinga som kommunalsjef? Du får moglegheit til å påverke utviklinga av viktige tenesteområder Du får høve til å arbeide saman med dyktige leiarar og medarbeidarar Du får høve til å bidra til reell samfunnsutvikling Du bli medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP Du får høve til å søkje om sletting av utdanningsgjeld jf. ny ordning for distriktskommunar Kvifor Hyllestad? Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire - kanskje akkurat deg? Kommunen har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små. Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo Som kommunalsjef helse og omsorg vil arbeidsoppgåvene dine mellom anna vere: Leie og utvikle tenestene med mål om å skape og utvikle heilskaplege tenester gjennom tverrfagleg samarbeid Leie og utvikle tilsette gjennom dialog og oppfølging Økonmisk planlegging, budsjettarbeid og rapportering Bidra til utvikling og iverksetting a kommunen sine strategiar, verdiar og vedtekne mål Administrativ leiar for kommunen sitt psykosoiale kriseteam Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov. Kvalifikasjonar Minimum 3-årig høgskuleutdanning innan administrasjon og leiing, gjerne spesielt retta mot helse og omsorg Gjerne relevant utdanning på masternivå og/eller leiarutdanning Sterkt ønskje om relevant leiarerfaring Gode evner for kartlegging, analyse og til å etablere kontinuerlege forbetringsprosessar som del av organisasjen sitt kvalitetssystem Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg Kontakt Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos kommunedirektør Gjermund Flage, tlf. / eller noverande kommunalsjef Rolf Horne, tlf. /. Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg! Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset, felles lunsj i kantina og kollegatrim ein gang i veka. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår. Som kommunalsjef i Hyllestad får du kombinere strategisk leiarskap med nærleik til menneske, tenester og resultat. Her vil du sjå at arbeidet ditt gjer ein forskjell, både for innbyggjarane og for medarbeidarane dine. Søk stillinga og bli med på laget vårt! Vi gledar oss til søknaden din dukkar opp i innboksen vår! Relevante lenkjer Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar Hyllestadinfo Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no Link til søknadsskjema: Søk her

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free