Sjukepleiar

HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS · Haugesund, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS
Location
Haugesund, Norge
Posted
August 18, 2026

About this job

Ønskjer du ein variert arbeidskvardag med tett pasientkontakt og moglegheit til å utvikle deg fagleg? Ved urologisk poliklinikk i Haugesund søkjer vi ein engasjert sjukepleiar til ei fast 60% stilling. Hos oss blir du ein del av eit kompetent fagmiljø som utgreier, behandlar og følgjer opp pasientar med eit breitt spekter av urologiske problemstillingar. Du vil samarbeide tett med urologar, LIS-legar og uroterapeutar, samtidig som du får sjølvstendige oppgåver og ansvar. Stillinga passar både for deg som ønskjer ei redusert stilling, og for deg som ønskjer å kombinere stillinga med anna arbeid eller vidareutdanning. Kva går jobben ut på? Assistere ved undersøkingar saman med lege. Gjennomføre sjølvstendige konsultasjonar og oppfølging av pasientar. Gi råd, rettleiing og opplæring til pasientar og pårørande. Bidra til gode pasientopplevingar og effektiv drift av poliklinikken. Delta i forbedringsarbeid i avdelinga. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Erfaring fra urologi og poliklinikk er ønskjeleg. Gode digitale ferdigheiter og erfaring med DIPS. Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nødvendig for forsvarleg pasientbehandling. Personlege eigenskaper blir vektlagd. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du har motivasjon og er interessert i fagfeltet tek ansvar og spør når du lurer på noko bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø er god på å kommunisere med pasientar, pårørande og kollegaer Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du ein spennande og utfordrande arbeidsplass inkluderende kollegaer som ønskjer at du skal lykkast fagleg utvikling gjennom samarbeid, rettleiing og erfaringsdeling tett samarbeid mellom poliklinikk og sengepost som gir eit heilskapleg innblikk i pasientforløpa moglegheit til å følgje pasientar gjennom fleire fasar av utgreiing, behandling og oppfølging Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Kristine Gundegjerde Meling, Funksjonsleder urologisk avdeling,, Arbeidsstad Karmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5167566432 Stillingsprosent: 60% Fast Startdato: 05.10.2026 Søknadsfrist: 02.09.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free