Konsulent kontoradministrasjon
TUSSA IKT AS AVD ØRSTA · Hovdebygda, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- TUSSA IKT AS AVD ØRSTA
- Location
- Hovdebygda, Norge
- Posted
- August 18, 2026
About this job
Om stillinga Tussa søkjer ein positiv, serviceinnstilt og strukturert konsulent til kontoradministrasjonen. Stillinga er eit sentralt kontaktpunkt i Tussa og omfattar ansvar for sentralbord og resepsjon, i tillegg til oppgåver innan arkiv, dokumenthandtering, kommunikasjon og administrativ støtte. Kontoradministrasjonen har fem medarbeidarar og er ein del av kommunikasjonsavdelinga i Tussa Kraft. Tussa Kraft er morselskapet i Tussakonsernet og yter tenester innan økonomi, finans, innkjøp, berekraft, lønn/personal/HMS, kontoradministrasjon og kommunikasjon til dotterselskapa. Tussa Kraft har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta kommune, og har 22 faste tilsette. Vi ser etter deg som: Har godt humør og yter god service Er strukturert, nøyaktig og sjølvstendig Trivst med mykje kontakt med kundar, besøkjande og kollegaer Har god digital forståing og lett for å lære nye system Har interesse for arkiv- og dokumenthandtering Har særs gode nynorskkunnskapar og sans for godt språk Er fleksibel og samarbeidsorientert Arbeidsoppgåver: Som konsulent hos oss vil du mellom anna: Ha ansvar for sentralbordet i Tussa Bemanne og vidareutvikle resepsjonstenesta på Tussatun Ta imot kundar, gjestar og samarbeidspartnarar Handtere post og besøksrutinar Arkivere, journalføre og handtere dokument Medverke i førebuing og koordinering av styresaker Lese korrektur og kvalitetssikre dokument Bidra til at Tussa nyttar nynorsk på ein korrekt og profesjonell måte Yte brukarstøtte og administrativ støtte til organisasjonen Ha ansvar for innkjøp og lagerhald av profilartiklar Bidra i sponsorarbeid og koordinering av sponsoraktivitetar Oppdatere innhald på Tussa sitt intranett Utføre andre administrative oppgåver etter behov Kvalifikasjonskrav Vi ønskjer at du har: Utdanning innan kontorfag, service eller liknande Erfaring frå resepsjon, sentralbord, arkiv, kundeservice eller administrative oppgåver Gode IT-kunnskapar God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk Erfaring med Acos Websak+ er ein fordel, men ikkje eit krav. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr Ein variert og sosial jobb i eit framtidsretta konsern Godt arbeidsmiljø med dyktige og hjelpsame kollegaer Gode utviklingsmoglegheiter Konkurransedyktige vilkår Video: https://youtu.be/hdlNkgF-R3U?si=jJeoa9RDzK2Haoya
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card