Kontaktperson i barnevernstenesta - 100% vikariat ut 2027

BARNEVERNSTENESTA I SULA · Langevåg, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
BARNEVERNSTENESTA I SULA
Location
Langevåg, Norge
Posted
August 18, 2026

About this job

Vil du vere med og gjere ein forskjell for barn, unge og familiar? I Sula kommune jobbar vi etter visjonen «Vilje til å lukkast saman». No søkjer vi ein engasjert medarbeidar til eit vikariat i barnevernstenesta, der du får vere del av eit fagmiljø som arbeider for trygge oppvekstvilkår for barn og unge. Tiltakseining for barn og unge (TBU), fagområde Barnevern, har ledig 100 % vikariat som kontaktperson med oppstart så snart som mogleg. Tiltakseining for barn og unge (TBU) består av barnevern, helsestasjon og PPT. Barneverntenesta har avdelingsleiar og er organisert i to team; undersøking/tiltak og omsorg/ettervern. Vikariatet er knytt til team undersøking/tiltak. Intervju blir gjennomført fortløpande i utlysningsperioda. Den som blir tilsett må ha førarkort og kunne nytte eigen bil. Vi forventar at den som blir tilsett arbeider i tråd med Sula kommune sin BTI-rettleiar (Betre Tverrfagleg Innsats) og tek aktiv del i tverrfagleg samarbeid rundt barn, unge og familiar. Hos oss får du arbeide i eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med stor variasjon i arbeidsoppgåver, høg grad av samarbeid og moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene våre. Arbeidsoppgåver Sakshandsaming etter lov om barnevernstenester. Samtalar med barn og unge, kartlegging, oppfølging og tiltak i familiar. Delta i tverrfagleg samarbeid og samhandling i tråd med kommunen sine planar og satsingsområde. Medverke til fag- og tenesteutvikling i barnevernstenesta. Delta i drift av kommunen sine lavterskeltilbod. Kvalifikasjonar Barneverns- eller sosialfagleg utdanning. Anna relevant høgare utdanning kan vurderast. Erfaring frå arbeid i barnevernsteneste og bruk av fagsystemet Visma Flyt barnevern er ein fordel. Arbeidserfaring frå kommunalt barnevernsarbeid. Relevant vidareutdanning vil bli vektlagt positivt. God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Førarkort klasse B. Personlege eigenskapar Du verdset samarbeid og ser styrken i å lukkast saman med kollegaer, samarbeidspartnarar og familiar. Du ser barn, unge og familiar i eit heilskapleg perspektiv. Du har gode relasjons- og samarbeidsevner. Du er fagleg trygg og nytenkande. Du arbeider sjølvstendig og strukturert. Du er fleksibel og handterer ein variert og til tider uforutsigbar arbeidskvardag. Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø med humor og ei positiv innstilling. Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr Eit arbeidsmiljø prega av samarbeid og vilje til å lukkast saman. Spennande og varierte arbeidsoppgåver. Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Gratis parkering. Tilgang til tenestebil og kompensasjon for bruk av privat bil i tenesta. Fleksitidsordning. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Lønn etter gjeldande tariff. Kontaktinformasjon Susanne Gresdal, Leiar barnevern,, Lindis Akslen, Einingsleiar,, Arbeidsstad Sloghaugvegen 13 6030 Langevåg Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sula kommune Referansenr.: 5167692293 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 01.09.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free