Fagkoordinator/sjukepleiar

HERØY KOMMUNE HEIMETENESTER YTRE · Fosnavåg, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
HERØY KOMMUNE HEIMETENESTER YTRE
Location
Fosnavåg, Norge
Posted
August 18, 2026

About this job

Vi søkjer deg som er fagleg engasjert, løysingsorientert og ønskjer å vere med på å utvikle framtidas heimeteneste i Herøy. Stillinga er ledig frå 01.11.26 Som fagkoordinator vil du ha ei sentral rolle i å kartleggje og vurdere pasientane sine behov, sikre god koordinering av tenestene og bidra til at vi gir rett hjelp til rett tid. Du vil vere ein viktig pådrivar i det faglege arbeidet, og vere med på å vidareutvikle organiseringa av heimetenesta gjennom våre helse- og meistringsteam. Vi ønskjer ein medarbeidar som ser moglegheiter, tek ansvar og bidreg til kontinuerleg forbetring og tenester av høg kvalitet til pasientane våre. Hos oss får du faglege utfordringar, engasjerte kollegaer og moglegheita til å vere med og påverke utviklinga av tenestene. Stillinga er i hovudsakleg organisert på dagtid med arbeid 2 av 6 helgar. Arbeidsoppgåver heilskapleg sjukepleiefagleg oppfølging av pasientar i eigen heim sakshandsaming kartlegging, observasjon, vurdering og dokumentasjon av helsetilstand overordna ansvar for pasientflyt legemiddelhandtering i tråd med gjeldande lover og forskrifter sjukepleiefaglege prosedyrar som sårbehandling, injeksjonar, ernæringsoppfølging og oppfølging av medisinteknisk utstyr utarbeide og følge opp tiltaksplan dokumentasjon etter gjeldande lovverk tverrfagleg samarbeid med fastlege, fysioterapeut, ergoterapeut og andre samarbeidspartnarar. rettleie og samarbeide med pårørande bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta overordna ansvar for koordinering av det sjukepleiefaglege arbeidet hjelpe til med kortidsinnleige ved fråvær stedfortredar til seksjonsleiar ved fråvær Kvalifikasjonar har norsk autorisasjon som sjukepleiar erfaring frå sakshandsaming/utdanning innan sakshandsaming/helserett kan vere ein fordel erfaring frå arbeid i heimetenesta kan vere ein fordel kan bruke IKT som arbeidsverktøy (erfaring med Gerica er ein fordel) har god munnleg og skriftleg framstillingsevne Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Autorisasjon og politattest må leggast fram før tilsetting. Personlege eigenskapar likar faglege utfordringar og er opptatt av å utvikle gode tenester er strukturert, sjølvstendig og evnar å prioritere arbeidsoppgåver kommuniserer klart og tydeleg både med brukarar, pårørande og kollegaer er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt møter brukarar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning, også i krevjande situasjonar bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen ved blant anna å motivere, rettleie og engasjere kollegaer gode samarbeids- og relasjonseigenskapar kan bidra til godt samarbeid på tvers av seksjonane du har engasjement for utvikling og evnar å omsetje nye idear til praktiske forbetringar i kvardagen har fokus på heilskapleg pasientforløp Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr løn etter gjeldande tariffavtale gode forsikrings- og pensjonsordningar i KLP fagdag i turnus stipendordningar ved vidareutdanning som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse digitale kurs gjennom Glup og Visma Veilederen IA- bedrift Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen. Kontaktinformasjon Maria Kristin Kvalsvik, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Sjukeheimsvegen 5 6092 FOSNAVÅG Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5163516186 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.09.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free