Ergoterapeut/spesialergoterapeut

HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK · Ålesund, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK
Location
Ålesund, Norge
Posted
August 18, 2026

About this job

Vil du bruke ergoterapifaget der tidleg kartlegging og rehabilitering kan ha stor betydning for pasienten sitt vidare forløp? Seksjon for kliniske støttefunksjonar ved Ålesund sjukehus har ledig 100 % fast stilling som ergoterapeut/spesialergoterapeut frå 01.11.2026. Stillinga er i hovudsak knytt til medisinsk avdeling, der du får ei sentral rolle i oppfølginga av pasientar med hjerneslag, geriatriske og andre medisinske problemstillingar som gir funksjonsutfall. Du vil arbeide tett saman med lege, sjukepleiar, fysioterapeut og logoped, med særleg ansvar for kognitiv og fysisk kartlegging, funksjonsvurdering og tidleg rehabilitering. Arbeidskvardagen er variert og gir stor grad av sjølvstendig fagleg ansvar. Samtidig blir du ein del av eit godt fagmiljø med tett samarbeid mellom ergoterapeutane i seksjonen og med ergoterapeutane ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. Vi ser etter deg som er fagleg engasjert, trivst i eit tverrfagleg miljø og ønskjer å bidra til å utvikle ergoterapitilbodet ved Ålesund sjukehus. Arbeidsoppgåver Kartlegging og vurdering av kognitiv og fysisk funksjon hos pasientar ved medisinsk avdeling Tidleg opptrening og iverksetting av ergoterapeutiske tiltak med utgangspunkt i pasienten sitt funksjonsnivå og behov Aktiv deltaking i tverrfagleg vurdering, behandling og planlegging av vidare pasientforløp Rettleiing og undervisning av pasientar, pårørande og kollegaer Samarbeid med helsepersonell i kommunehelsetenesta for å bidra til gode overgangar og vidare oppfølging Polikliniske kartleggingar og vurderingar Rettleiing av ergoterapistudentar Bidra til fagutvikling, kvalitetsforbetring og vidareutvikling av ergoterapitilbodet Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som ergoterapeut Du må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg Erfaring med tverrfagleg samarbeid Erfaring frå arbeid med hjerneslag, geriatri, nevrologi eller andre relevante medisinske problemstillingar er ein fordel Erfaring med kartlegging og vurdering av kognitiv funksjon og ADL er ønskjeleg Relevant vidareutdanning eller spesialistkompetanse er ein fordel (spesialergoterapeut) Personlege eigenskapar Du er trygg og sjølvstendig i rolla som ergoterapeut, og tek ansvar for eigne faglege vurderingar og prioriteringar Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og trivst med å arbeide i tverrfaglege team Du arbeider strukturert og målretta, og evnar å prioritere i ein variert og tidvis travel arbeidskvardag Du er pasientorientert og møter pasientar og pårørande på ein trygg og respektfull måte Du er fleksibel og løysingsorientert, og tilpassar deg endringar i pasientbehov og arbeidsoppgåver Du er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til utvikling av tenesta og eit godt fag- og arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. Kontaktinformasjon Henrik Rønningsbakk Jansson, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5164680395 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free