Vil du bli vår nye lønnskonsulent?

BJØRNAFJORDEN KOMMUNE KOMMUNEDIREKTØREN SIN STAB RÅDHUSET · Os, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
BJØRNAFJORDEN KOMMUNE KOMMUNEDIREKTØREN SIN STAB RÅDHUSET
Location
Os, Norge
Posted
August 18, 2026

About this job

Vi har ledig eit vikariat som lønnskonsulent i 100% stilling frå snarast og fram til 30.06.2027, med mogelegheit for forlenging. Lønnsavdelinga er for tida organisert saman med personalavdelinga, It, ogorganisasjonsutvikling som ein del av HR avdelinga. Avdelinga sitt hovudansvar er å utbetala rett lønn til rett tid, krevja inn refusjonar og gjennomføra lovpålagd rapportering av arbeids- og lønnsdata til offentlege instansar og pensjonskasser. Avdelinga har systemansvar for lønns- og HR systemet Visma Enterprise Plus HRM,reiserekningssystemet Expense, og kommunen sitt time-registreringssystem Visma Tid. HR avdelinga har fokus på å bruka ressursar og kompetanse på tvers, mot prioriterte arbeid og prosjekt. Du blir ein del av eit godt fagleg fellesskap kor samarbeid og felles måloppnåing har fokus mellom avdelingane Arbeidsstad: Lønnsavdelinga Oppgåvene for lønskonsulent kan vere, men er ikkje avgrensa til: Opplæring og leiarstøtte Oppfølging og behandling av sjuke- og fødselspengar frå NAV Leiarstøtte knytt til fråvær og forvaltning av personalressursane Rapportering, kontroll og avstemming mot rekneskap, årsoppgjer Kontrollarbeid av datakvalitet frå forsystem Vedlikehald og formidling av lønnsdata Utvikling og vedlikehald av system og rutinar på fagfeltet Kvalifikasjonar: Vi ser etter deg som har ein sterk fagleg bakgrunn og ser mogelegheiter framfor utfordringar. Du blir med i jakta på smarte løysingar og har interesse for nye system og teknologi. Du er analytisk og sjølvgåande og oppteken av å levere rettidige tenester. Du er fleksibel, men nøyaktig, og tar i eit tak der det trengs. Du har arbeidserfaring frå fagfeltet. Kompetanse: Relevant utdanning frå høgskule/universitet på bachelornivå innanfor fagkretsen økonomi/rekneskap/administrasjon Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet God digital kompetanse og systemforståing Erfaring frå lønnsarbeid er ein fordel, samt kjennskap til lov og avtaleverk innan fagområde God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Det blir lagt vekt på dine personlege eigenskapar. Vi tilbyr: Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Løn etter gjeldande avtalar Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free