Sjukepleiar - klar for fart, fag og fellesskap?
Hjerte/lunge/gastro post, Stord sjukehus · Stord, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- Hjerte/lunge/gastro post, Stord sjukehus
- Location
- Stord, Norge
- Posted
- August 18, 2026
About this job
Då har vi ein plass til deg på verdas beste avdeling! Du trivst når det skjer litt rundt deg – og er ein trygg sjukepleiar som vil vere med oss i det vi meiner er ein av dei mest spanande og lærerike postane på sjukehuset vårt. Her jobbar vi tett saman, både fagleg og menneskeleg, og har pasientar med både hjarte-, lunge- og gastrolidingar – i tillegg til eit breitt spekter av andre medisinske diagnosar. Det gir ein kvardag med mykje ansvar, stor variasjon og god utvikling – saman med flinke og rause kollegaer. Er du ny? Null stress – vi tek godt imot deg og sørgjer for god opplæring og støtte frå dag éin. Turnusen? Den finn vi ut av saman. Vi har fleire løysingar: Langvakter opptil 12,5 time – med høgare tillegg og lengre friperiodar. Tredelt turnus med 16 helger per år. Langhelgturnus med høgare helgetillegg (47%). Tilgjengelege turnusordningar kan variere ut frå bemanningsbehov og driftsmessige forhold. 📩 Snakk med Gloria – så finn de noko som passar for deg. Eller berre søk med ein gong! Stord er perfekt plassert for deg som vil ha fjord, fjell og fritid tett på. Her finn du turstiar, aktivitetar, kulturliv – og både vidaregåande skular og høgskule. 🔗 Les meir om Stord kommune Kva går jobben ut på? Du vil jobbe med pasientar innan hjarte-, lunge- og gastrolidingar – ofte med komplekse og alvorlege sjukdommar. Det betyr at sjukepleiefaget får stort rom, og at du får brukt både hovudet og hjartet. Du vil ha ansvar for oppfølging og behandling av pasientar i tett samarbeid med kollegaer og andre faggrupper. Dokumentasjon, kontakt med pårørande og bidrag til fagleg utvikling er òg ein naturleg del av jobben. 3 delt turnus Vi jobbar i tverrfaglege team, støttar kvarandre – og blir stadig betre på å stå saman. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som sjukepleiar Det er ein fordel om du har erfaring frå hjarte-, lunge- eller gastropasientar – og gjerne frå kreftomsorg. IKT erfaring er ein fordel – men viss ikkje, sørgjer vi for god opplæring. Gode munnlege og skriftlege norskkunskapar er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Personleg egnethet blir vektlagd. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du er god til å sjå mennesket bak sjukdommen likar å vere ein støttespelar for kollegaene dine taklar utfordringar på ein god måte, og er flink til å finne løysingar saman med andre er god på å snakke med folk – anten det er pasientar, pårørande eller kollegaer. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du ein arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like. Kombinasjonen av hjarte-, lunge- og gastropasientar gir brei erfaring og gode moglegheiter til å utvikle deg fagleg. Vi legg vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og eit trygt arbeidsmiljø der du aldri står åleine i krevjande situasjonar. Vi tilbyr fleksible turnusløysingar, gode tillegg for langhelgturnus og kollegaer som bryr seg om både pasientane og kvarandre. Er du ny som sjukepleiar, får du tett oppfølging og god opplæring. Har du erfaring, får du faglege utfordringar og moglegheiter til å vidareutvikle kompetansen din. Kort sagt: Hos oss får du både fagleg utvikling, godt arbeidsmiljø og ein arbeidsplass der du verkeleg utgjer ein forskjell. Vitnemålsportalen Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden ( https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. Kontaktinformasjon Gloria Martinsdóttir Hauan, Funksjonsleder,, Arbeidsstad Tysevegen 64 5416 STORD Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5167230882 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 02.09.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card