Matros i 2:4-turnus!

Maritim Drift, Fjord1 AS · Hundvin, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
Maritim Drift, Fjord1 AS
Location
Hundvin, Norge
Posted
August 18, 2026

About this job

Fjord1 søker matros til sommerrute og ressursgruppe i region Vestland. Denne stillinga er todelt og gir deg ein variert arbeidskvardag i Fjord1. Frå om lag mai til og med september vil du vere fast disponert i sommarruta på sambandet Jondal – Tørvikbygd. Resten av året blir du ein del av vår ressursgruppe i Vestland, der du bidreg til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband og fartøy ved behov. Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 4 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og 98-timars arbeidsavtale. Som ein del av ressursgruppa vil du tenestegjere på ulike samband i region Vestland. Det er derfor ein føresetnad at du disponerer eigen bil og bur innan rimeleg reiseavstand. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad. Dekking av reiseutgifter gjeld berre for perioden ein inngår i ressursgruppa. Dette er ei spennande og variert stilling som gir deg høve til å bli kjent med fleire fartøy, samband og kollegaer på tvers av regionen. Du får brei erfaring, fagleg utvikling og ein fleksibel arbeidskvardag. Ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg. Arbeidsoppgåver Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord Alterneringsplikt mellom dekk og maskin Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna Oppgåver knytt til alarminstruks Verne- og miljøarbeid Kundehandsaming Kvalifikasjonar Ferdighetssertifikat matros Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Skandinaviske språkkunnskaper Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskapar Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjømannsforbund. Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap. Skiftordning: 98 timars arbeidsvekeveke, 2 veker på, og 4 veker av. Ein kan bu om bord når ein er på vakt i sommarruta. Reisekostnader over 15 km til og frå arbeid blir dekka av arbeidsgjevar når ein inngår i ressursgruppa. Gode velferdsordningar: som mulegheita for å leige hytter og leiligheiter, og gode rabattordningar. Kontaktinformasjon Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider,, Arbeidssted Kvalvågnesvegen 681 5956 Hundvin Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Fjord1 AS Referansenr.: 5167306701 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.09.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free