Er du sjukepleiar og trivst med høgt tempo og ansvar?
Akuttmottak og observasjonspost, Stord sjukehus · Stord, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- Akuttmottak og observasjonspost, Stord sjukehus
- Location
- Stord, Norge
- Posted
- August 17, 2026
About this job
Då kan akuttmottaket og observasjonsposten på hos oss vere neste stopp for deg. Her er det høgt tempo, sterkt fagmiljø og tett samarbeid – og ingen dag er heilt lik den førre. Du blir ein del av eit engasjert team som handterer alt frå akutte skadar og infeksjonar til alvorleg sjukdom. Vi lovar deg både utfordringar og meistring – og kollegaer som står saman i dei travlaste stundene. Arbeidstida er dag, kveld og natt. Hos oss har vi langvaktsturnus heile veka. 👉 Kjenner du deg litt nysgjerrig no? Klikk på søkeknappen – eller slå på tråden til Anne for ein uformell prat. Kva går jobben ut på? Ta imot, triagere, observere og følgje opp pasientar med akutte og komplekse behov. Vere ein del av eit sterkt tverrfagleg team, samtidig som du får brukt og utvikla di sjølvstendige kliniske vurderingsevne. Bidra til trygg og kvalitetsmessig god pasientbehandling gjennom raske faglege vurderingar og tett pasientoppfølging. Rettleie og støtte sjukepleiarstudentar i praksis. Delta i fagutvikling og bidra til vidare utvikling av tenestene våre. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Gode munnlege og skriftlege norskkunskaper er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Må ha relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta. Ønskeleg med erfaring frå akuttmottak. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du tek ansvar, er til å stole på og spør når du lurer på noko er trygg i pasientkontakt, og viser respekt og medkjensle trivst i eit miljø med tempo, og tek gjerne tak der det trengst jobbar strukturert og målretta, og deler kunnskap med andre er ein lagspelar som bidreg til eit godt samarbeid og arbeidsmiljø held hovudet kaldt når det hastar, og har eit fagleg blikk for situasjonen Personlege eigenskapar blir vektlagd. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du bli ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og tett samarbeid opplæring og støtte til å kjenne deg trygg i rolla bli del av eit godt arbeidsmiljø med rom for både utvikling og humor jobbe i ei avdeling der du verkeleg merkar at du gjer ein forskjell 🌟 Kjenner du at dette kan passe for deg? Då håpar vi du søkjer. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Anne Møklebust, Funksjonsleiar, Arbeidsstad Tysevegen 64 5416 STORD Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5166720779 Stillingsprosent: 75% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card