sjukepleiar
SVELGEN OMSORGSSENTER · Svelgen, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- SVELGEN OMSORGSSENTER
- Location
- Svelgen, Norge
- Posted
- August 17, 2026
About this job
Er du sjukepleiar som ønskjer å bruke fagkunnskap og medmenneskelegheit for å skape tryggleik, trivsel og meistring i kvardagen til andre? Då håpar vi du vil bli med oss på Svelgen Omsorgssenter! Svelgen Omsorgssenter er moderne, lyst og heimekjent – ein plass der pasientane bur trygt og godt. Som medarbeidar får du ein nytenkjande og tilrettelagd arbeidsplass, der fagmiljøet deler kunnskap, støttar kvarandre og saman skaper gode opplevingar kvar dag. Vi har 48 bueiningar fordelt på fem avdelingar, organisert etter diagnosar og ulike hjelpebehov, inkludert eige lindrande rom. Sjukepleiarane våre deltek òg i eit spennande legevaktsatellitt-tilbod som gir fagleg variasjon og utvikling. Vi arbeider i årsturnus, og du får påverke eigen arbeids- og fritid. Dette er ei stilling for deg som ønskjer stabilitet, fagleg utvikling og eit arbeidsmiljø som vil deg vel. Arbeidsoppgåver Dette blir ein variert og lærerik kvardag, med moglegheit til fagleg fordjuping i fleire ressursgrupper, mellom anna: rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft. Du vil mellom anna: Utføre sjukepleiefaglege oppgåver hos pasientane Følgje opp ei brei pasientgruppe med ulike behov Gi heilskapleg omsorg for eldre menneske Vurdere og ivareta individuelle behov Delta i ressursgrupper og fagutvikling Dokumentere, rettleie og undervise Kvalifikasjonar (overskrift) Norsk autorisasjon som sjukepleiar Erfaring frå akuttmedisin er ein fordel Trivst med teamarbeid og samarbeid på tvers Omstillingsdyktig og løysingsorientert Politiattest av nyare dato Beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg Vi ser etter ein sjukepleiar som møter pasientane med varme, tryggleik og fagleg nysgjerrigheit. Du trivst med menneske, og du ønskjer å bruke kompetansen din til det beste for kvar enkelt pasient. Arbeidskvardagen hos oss er variert, og du må kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og tilpasse deg nye situasjonar. Du jobbar godt sjølvstendig, men set også pris på å vere ein del av eit lag som støttar kvarandre. Serviceinnstilling, samarbeidsevne og personleg eignaheit vil bli vektlagt. Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her: Hjelp til å finne bustad og barnehageplass Gratis barnehage Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år. Rekrutteringstilskot til nytilsette; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner) Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ I tillegg får du: Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon. Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale Senioravtale for tilsette over 62 år Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear! Kontaktinformasjon Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, Arbeidsstad Granden 1 6723 Svelgen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Bremanger kommune Referansenr.: 5167319884 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card