Fast stilling som vernepleiar i tenesta for funksjonshemma, Hamretunet

BREMANGER KOMMUNE HELSE- OG SOSIALADMINISTRASJONEN · Svelgen, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
BREMANGER KOMMUNE HELSE- OG SOSIALADMINISTRASJONEN
Location
Svelgen, Norge
Posted
August 17, 2026

About this job

Drøymer du om ein jobb der du verkeleg kan utgjere ein forskjell kvar dag? Bremanger kommune, ved Tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne – avdeling Hamretunet i Open omsorg indre – søker no ein engasjert og fagleg sterk vernepleiar. Hos oss blir du ein nøkkelperson i eit triveleg og kompetent team som skaper trygge, gode og meiningsfulle dagar for brukarar med nedsett funksjonsevne. Vi jobbar i årsturnus, og du får vere med og påverke både arbeidstid og fritid. Her får du bruke fagkompetansen din aktivt, bidra til utvikling av tenestene, og vere med på å skape meistring og trivsel kvar dag. Arbeidsoppgåver Skape eit trygt, inkluderande og godt miljø tilpassa kvar enkelt brukar Legge til rette for læring, meistring og sjølvstende hos kvar brukar Delta aktivt i miljøarbeid, pleie og rettleiing, og bidra til eit positivt arbeidsmiljø Dokumentere i tråd med gjeldande lovverk Kvalifikasjonar (overskrift) Vernepleiar, eller andre med relevant høgskuleutdanning Trivst med å arbeide i team og samarbeide tett med kollegaer Løysingsorientert, fleksibel og positiv til endringar Politiattest av nyare dato God skriftleg og munnleg norskframstilling Førarkort klasse B Vi søkjer deg som er motiverte, fagleg engasjert og sjølvstendig – og som trivst med å arbeide tett på menneske. Du er til stades, engasjert og aktiv, og bruker faget ditt for å bidra til best mogleg kvardag for brukarane. Serviceinnstilling, personleg eignaheit og evne til å bygge gode relasjonar til både brukarar og kollegaer er avgjerande. Du tør å ta ansvar, er løysingsorientert og bidrar til utvikling både fagleg og menneskeleg – kvar dag. Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her: Hjelp til å finne bustad og barnehageplass Gratis barnehage Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år. Rekrutteringstilskot til nytilsette; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner) Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ I tillegg får du: Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet Rekrutteringstilskot til vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon. Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale Senioravtale for tilsette over 62 år Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear! Kontaktinformasjon Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, Arbeidsstad Granden 1 6723 Svelgen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Bremanger kommune Referansenr.: 5167311377 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free