Bli aktivitetskoordinator for folkehelsearbeid
NASJONALFORENINGEN FOR FOLKEHELSEN FYLKESSTYRET I HORDALAND · Bergen, Norge · Remote-friendly
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- NASJONALFORENINGEN FOR FOLKEHELSEN FYLKESSTYRET I HORDALAND
- Location
- Bergen, Norge
- Posted
- August 18, 2026
About this job
Vil du vere med og gjere ein forskjell for betre folkehelse i Hordaland og Sogn og Fjordane? Vi ser etter deg som er glad i frivilligheita, og som ønskjer å leggje til rette for og støtte helselaga og demensforeiningane våre. Stillinga er eit vikariat i 70 prosent stilling frem til 01.09.2027. Aktivitetskoordinatoren rapporterer til dagleg leiar ved fylkeskontoret og har kontorstad på Kronstad i samlokalisering med Idrettens Hus. Du vil bli ein del av eit team på tre personar som saman skal bidra til auka frivilligheit og folkehelse i regionen vår. Hovudarbeidsoppgåver: Administrere tilskotsordningar for laga våre Følgje opp utdelingar av Folkehelseprisen og Demensprisen Bidra i arbeidet med nasjonale kampanjar som Hopp for Hjerte og Demensaksjonen Bidra aktivt i arbeidet med Demensvennleg samfunn Svare på førespurnader og bidra til administrativ drift av kontoret Andre oppgåver etter avtale Du bør ha følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar Vi søkjer etter ein person med erfaring frå og kjennskap til frivilligheita og/eller organisasjonsarbeid. Du har høgare utdanning på bachelornivå, men relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet. Du er sjølvstendig, systematisk, glad i menneske og kommuniserer godt både munnleg og skriftleg. Gode IT-kunnskapar (Office 365 med tilhøyrande program) er ein føresetnad. Nynorsk er arbeidsspråket. Det vil bli gitt opplæring i arbeidsverktøya til organisasjonen. Vi tilbyr: Hos oss i Nasjonalforeningen for folkehelsen vil du få: Ein meiningsfull jobb i ein anerkjend organisasjon Engasjerte kollegaer med ulike fagbakgrunnar og høg kompetanse som skaper gode diskusjonar og ein god porsjon humor i kvardagen Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø Fleksitid, sommartid og ei ekstra ferieveke Lønn etter avtale og gunstige låne- og pensjonsordningar gjennom Statens pensjonskasse For meir informasjon, kontakt dagleg leiar Kristine Drake på tlf. eller organisasjonssjef Brit Olssøn på tlf.. I Nasjonalforeningen for folkehelsen blir du ein del av eit fagleg sterkt miljø med mykje samarbeid og god trivsel. Vi er opptekne av å spegle befolkninga i Noreg og ønskjer derfor mangfald i organisasjonen, både når det gjeld alder, kjønn, funksjonsnivå og etnisitet. Send søknad via finn.no sin portal innan søknadsfristen 30.08.2026.
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card