ID 2472 Sjukepleiar natt - Sunnhordland interkommunale legevakt
STORD KOMMUNE HEIMEBASERTE TENESTER OMRÅDE SENTRUM · Stord, Norge · Remote-friendly
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- STORD KOMMUNE HEIMEBASERTE TENESTER OMRÅDE SENTRUM
- Location
- Stord, Norge
- Posted
- August 18, 2026
About this job
Søkjer du ein interessant jobb med spanande utfordringar, der du får nytta erfaringa og kompetansen din? Då kan du vera den rette personen for oss. Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS si viktigaste oppgåve er å yta tenester og service til innbyggjarane i form av øyeblikkeleg helsehjelp. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår for å nå dette målet. Kulturen og personalpolitikken vår er baserte på å fremja personleg utvikling, ansvarskjensle og arbeidsglede hos den einskilde medarbeidaren. SIL dekkjer akutttenester for om lag 35 000 innbyggjarar. I tillegg er legevakta legevaktsentral for Kvinnherad og Tysnes kommunar. Avdelingane har eit sterkt fagmiljø med god sjukepleiedekning og tett samarbeid med legar. Her utfører ein laboratoriearbeid i tillegg til ei rekkje medisinske og kirurgiske prosedyrar. Sunnhordland interkommunale legevakt har ledig fast 70 % nattstilling for sjukepleiar. Stillinga er fordelt mellom legevakta og Døgnavdeling IDA, og er ledig etter avtale med leiar. Du vert ein del av eit erfarent team på legevakta og vil arbeida som sjukepleiar nummer to på vakt saman med dyktige og erfarne kollegaer. Dine arbeidsoppgaver vil blant annet være: Besvare legevaktstelefon, triagere etter gjeldende skåringssystemet og organisere timelister for vakthavende lege Assistere lege ved undersøkelser og behandling, samt håndtere prøvetaking og laboratoriearbeid Mottak, kartlegging og observasjon av pasienter Ivareta medikamentrutiner og dokumentasjon i pasientjournalsystem Delta i tverrfaglig samarbeid og bidra til et godt pårørendesamarbeid Kompetanse og personlege eigenskapar hos søkjar: Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. Har gode datakunnskaper. Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig og i team. Evne til å meistre eit høgt arbeidspress. Fleksibilitet. Evne til å bidra til godt samarbeid innan eiga avdeling og i organisasjonen generelt. Evne til å samarbeida tverrfagleg. Evne til å etablere god kommunikasjon og tillit. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Politiattest: Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4 Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga. Me tilbyr: Løn etter tariffavtale Utvikling av eit fagmiljø med trivelege arbeidskollegaer der du kan vera med å påverka og utforme avdelinga. Kurs i akuttmedisin og volds- og overgrepshandsaming Ei heilt ny avdeling med flotte lokalar og med spanande utfordringar. Internundervisning Pensjonsordning gjennom KLP Bedriftshelseteneste Medlemskap i Stord ve og vel Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card