Butikksjef -- Tysse Landhandel
TYSSE LANDHANDEL AS · Tysse, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- TYSSE LANDHANDEL AS
- Location
- Tysse, Norge
- Posted
- August 18, 2026
About this job
Vil du ha ansvar for ein nærbutikk der god butikkdrift, personleg service og lokalt engasjement står i sentrum? Me søkjer ein engasjert og sjølvstendig butikksjef som vil ta ansvar for den daglege drifta og vera med og utvikla tilbodet vidare. Dette er ei praktisk leiarstilling for deg som likar ein variert arbeidskvardag. Du vil vera aktiv i den daglege butikkdrifta og tett på kundane, samtidig som du har ansvar for økonomi, varebestilling, lager, bemanning og planlegging. God styring av vareflyt og økonomi er ein viktig del av rolla. Du må kunna vurdera kva og kor mykje som skal bestillast, følgja med på sal og lager og bidra til god lønsemd og minst mogleg svinn. Butikken kombinerer bemanna opningstid med moderne sjølvbetening / fjernbetjening. Me leverer også middag og mat til lokal næringsverksemd og lokale kundar. Dine viktigaste oppgåver Ansvar for den daglege drifta og gode kundeopplevingar Varebestilling, lagerstyring, vareflyt og utvikling av sortimentet Oppfølging av sal, kostnader, svinn, budsjett og resultat Planlegging og oppfølging av bemanning Oppfølging av den sjølvbetente butikkdrifta Koordinering og levering av matbestillingar Marknadsføring, lokale aktivitetar og vidareutvikling av tilbodet Du blir ein del av eit lite team på til saman om lag 1,5--2 årsverk. I tillegg til butikksjefen har me ein fast medarbeidar i deltidsstilling, ekstra bemanning i sommarsesongen og frivillige som bidrar med transport, bakvakt og diverse. Kven ser me etter? Me ser etter deg som tek ansvar, får ting gjort og trivst med å kombinera leiing med praktisk butikkarbeid. Erfaring frå butikk, gjerne daglegvare, er ein fordel. Det same gjeld erfaring med leiing eller sjølvstendig driftsansvar, men me legg stor vekt på personlege eigenskapar. Me trur du vil passa godt i stillinga dersom du: Er sjølvstendig, strukturert og initiativrik Har god økonomisk og kommersiell forståing Har sans for varebestilling, lagerstyring og god vareflyt Er opptatt av lønsemd, svinn og å ha rett vareutval til rett tid Er serviceinnstilt og likar å arbeida med menneske Har gode samarbeidsevner Er komfortabel med digitale system og moderne butikkdrift Har interesse for mat og gjerne erfaring med matlaging, catering eller enkel matproduksjon Førarkort klasse B er eit krav. Me tilbyr Ei sjølvstendig leiarstilling med stor moglegheit til å påverka Ein variert arbeidskvardag med både butikkdrift, kundekontakt og utviklingsoppgåver Eit lite team med tett samarbeid Stor grad av fleksibilitet Moglegheit til å utvikla både sortimentet, butikken, mattilbodet og andre lokale tenester Ein arbeidsplass med ei viktig rolle i lokalsamfunnet Ordna løns- og arbeidsvilkår Stilling: Opptil 100 %. Lågare stillingsprosent kan avtalast. Tiltreding: Snarast Søknadsfrist: Løpande Søknader blir vurderte fortløpande, og stillinga kan bli besett når me finn den rette kandidaten. Høyrest dette ut som noko for deg? Me vil gjerne høyra frå deg.
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card