100 % vikariat som rettleiar ved Nav Lærdal og Aurland

NAV LÆRDAL · Lærdal, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
NAV LÆRDAL
Location
Lærdal, Norge
Posted
August 16, 2026

About this job

I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir. Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn. Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus. Har du lyst til å vera rettleiar ved Nav Lærdal og Aurland? Nav Aurland og Lærdal har ledig 100 % vikariat som rettleiar frå 1. desember 2026 til 31. desember 2027 i samband med foreldrepermisjon. Det kan vere mogleg med forlenging av vikariatet, avhengig av kor lang permisjon den faste tilsette ønskjer å nytte. Lærdal kommune er vertskommune for Nav-kontora i Lærdal og Aurland. Du vert formelt tilsett i Lærdal kommune, men arbeidsoppgåvene vert utførte i begge kommunane og du må rekne med å vere tilstade i både Aurland og Lærdal. Nav Lærdal og Aurland har totalt 8 tilsette, inkludert flyktningtenesta og to statlege stillingar. Me er ein god miks av ulik fagkompetanse, fagområde, kjønn og perspektiv. Dette gjev oss eit spennande, lærerikt og triveleg arbeidsmiljø der me spelar kvarandre gode. Nav er i kontinuerleg utvikling både fagleg og organisatorisk. I løpet av 2027 er det planlagt etablering av eit regionalt vertskommunesamarbeid mellom Nav-kontora i Aurland, Lærdal, Årdal, Vik og Luster. Som vikar kan du difor verte ein del av ei spennande utviklingsreise og eventuelt bli omfatta av verksemdsoverdraging i tilsetjingsperioden. Utdanning/kvalifikasjonar/eigenskapar: Minimum bachelorutdanning frå universitet eller høgskule. Sosialfagleg utdanning er ynskjeleg, men anna relevant utdanning som pedagogikk, helsefag eller tilsvarande vil bli vurdert. Erfaring innan offentleg forvaltning er ynskjeleg, og særleg positivt om erfaringa er knytt til Nav eller anna sosialfagleg arbeid. God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Gode IKT kunnskapar – kan handtere ulike digitale fagsystem etter opplæring. Førarkort klasse B. Du er initiativrik, sjølvstendig og har evne til å byggje gode relasjonar med brukarar og samarbeidspartnarar. Arbeidsoppgåver: Oppfølging og rettleiing av personar som treng bistand for å kome i arbeid, aktivitet eller utdanning. Sakshandsaming etter lov om sosialtenester i Nav og andre relevante lover og forskifter. Kartlegging, motivasjonsarbeid og individuell oppfølging. Samarbeid med arbeidsgjevarar, helsetenester, utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartnarar. Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga etter behov. Dagtidsarbeid, 37,5 t per veke Me tilbyr: Løn etter kvalifikasjonar og avtale - med utgangspunkt i KS sin garantilønstabell kap. 4. Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP. Fleksibel arbeidstid utanom kjernetida. Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde. Eit aktivt, støttande og engasjert arbeidsmiljø med brei fagkompetanse. Statlege velferdsordningar for dei kommunale tilsette i Nav. Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har: Full barnehagedekning Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette. Link til søknadsskjema: Søk her

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free