Stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar

UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN · Bergen, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN
Location
Bergen, Norge
Posted
August 16, 2026

About this job

UiB - Kunnskap som formar samfunnet Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida? Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat Ved Geofysisk Institutt (GFI) er det ledig ei stilling som stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning), knytt til det strategiske prosjektet DYNAMIC-AI: Dynamics of Unprecedented and Compound Extremes using AI ved Bjerknessenteret. Om prosjektet/arbeidsoppgåver Stipendiaten vil være del av Bjerknessenteret sitt strategiske prosjekt DYANMIC-AI. DYNAMIC-AI vil kombinere fysisk modellering, dynamikkforståing, maskinlæring og hydrologisk modellering inn i eit samla rammeverk for analyse av samansette ekstremhendingar og ekstremhendingar utan historisk sidestykke. Prosjektet vil analysere skogbrann, tørke, hetebølger, sterk vind, ekstremnedbør og flaum. Gjennom å knyte saman vitskapelege tilnærmingar og Bjerknesekspertise vil vi oppnå ein ny forståing som overgår den som kommer frå dei enkelte vitskapelege greinene. Stipendiaten vil analysere ekstremnedbørshendingar på tvers av Europa i den nye generasjonen av CMIP6 CORDEX nedskaleringar av ensembleprognosar av klima, og utvikle ein hydrologisk modell med bruk av maskinlæring. Modellen skal etterlikne den hydrologiske responsen på ekstremnedbør. Modellen vil bli integrert i det fulle rammeverket i DYNAMIC-AI, som vil modellere forplantninga av usikkerheit frå atmosfæredynamikk ned til hydrologiske farar. DYNAMIC-AI er eit tverrfagleg prosjekt, og eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, NORCE Research og Nansensenteret for miljø og fjernmåling. Stipendiaten vil arbeide i eit særdeles internasjonalt arbeidsmiljø som del av Bjerknessenteret for klimaforsking, samlokalisert med Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen. Bjerknessenteret er det største klimaforskingssenteret i Norden og blant de største i Europa med rundt 300 forskarar frå 40 land. Kvalifikasjonar og eigenskapar Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i datavitskap, atmosfærevitskap, meteorologi, hydrologi eller eit relatert fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. Erfaring med Python-programmering, gode ferdigheiter i bruk av Unix/Linux, og handtering av store klimadatasett i deira originale format (t.d. NetCDF) er eit krav. Erfaring frå minst eitt av følgjande område er eit krav: hydrologisk modellering, overflateprosessar, analyse av klimadata og/eller trening av nevrale nettverk. Erfaring frå fleire av områda er ein fordel. Erfaring med maskinlæringsverktøy som Pytorch er ein fordel. Forståing av og/eller erfaring frå analyse av ekstremhendingar er ein fordel. Erfaring med statistikk, kvantifisering av usikkerheit eller forplantning av usikkerheit er ein fordel. Kjennskap til andre relevante programmeringsspråk er ein fordel. Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg bli vurdert i utveljinga av kandidatar. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. For stillinga gjeldt følgande Om stillinga som ph.d.-stipendiat Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Vi kan tilby eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. medlemskap i Statens pe

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free