Har du tru på at alle menneske kan studere eller få seg ein vanleg jobb?
NAV BERGEN SENTRUM · Bergen, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- NAV BERGEN SENTRUM
- Location
- Bergen, Norge
- Posted
- August 16, 2026
About this job
Blir du motivert av å jobbe med unge menneske? Har du tru på at alle menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar kan studere eller få og behalde ein vanleg jobb? Ønsker du å gjere ein skilnad i eit særs viktig samfunnsområde og har du erfaring frå å jobbe med unge menneske mot arbeid og utdanning? Då er dette ein jobb for deg. Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg team der jobbspesialistar, behandlarar og Nav jobbar tett saman rundt den unge for å skape heilskaplege og berekraftige løysingar. IPS-ung er Individuell jobbstøtte (IPS) med større innsats både mot utdanning og arbeid for unge. Det er ein metode for å følge opp unge personar med psykiske lidingar og samansette utfordringar som ønsker utdanning eller arbeid, og som har behov for koordinerte tenester inkludert behandling samstundes med hjelp av ein jobbspesialist. Målet er å legge til rette for at menneske med samansette utfordringar skal få og stå i ordinær utdanning eller løna arbeid. Nav IPS Bergen veks og søker no etter ein jobbspesialist som skal jobbe etter IPS-metodikk med innsats overfor unge mellom 16 og 18 år i BUP Betanien. Stillinga vil inngå Team Betanien, knytt til Betanien DPS. Du blir formelt tilsett ved Nav Bergen sentrum, men får kontorplass på BUP Betanien. I praksis vil du bruke mykje tid ute i lokalmiljøet. Vil du bli med på å utvide IPS satsing mot barn og unge i Bergen? Søk stilling hos oss, og du vil få jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø med stor fagleg bredde, tett samarbeid og stort utviklingsfokus. Vi ber deg seie noko i søknaden din om kva som motiverer deg for stillinga, og kunnskapen din om IPS må og framkomme i søknad eller CV. Kva går jobben ut på? jobbe etter IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakarar, behandlarteam, Nav og studiestader/arbeidsgivarar oppsøke utdanningsinstitusjonar og drive aktiv jobbutvikling hos bedrifter, skape dialog og bygge nettverk vere ute i lokalmiljø og ha møte med deltakarar og studiestadar eller arbeidsgivarar (65% av arbeidstida) følge opp eigen portefølje på 20 deltakarar og identifisere deira interesser, sterke sider, ferdigheiter og evne, samt matche desse med riktig utdanning eller jobb rettleie jobbsøkarane i søkeprosessen engasjere og motivere både jobbsøkar, studiestadar, arbeidsgjevarar, pårørande og andre personar i nettverket rundt deltakar bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet og behandlarteamet dokumentere arbeidet i fagsystem Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha fullført høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning. erfaring med IPS eller god kjennskap til prinsippa i IPS (erfaring frå Supported Employment kan og vere aktuelt) god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Det er ein fordel om du har erfaring frå å jobbe med unge menneske mot arbeid og utdanning i målgruppa 16-18 år kunnskap om utdanningsmoglegheiter, samt lokal og regional arbeidsmarknad erfaring frå oppsøkande verksemd og nettverksbygging god rettleiingskompetanse eller erfaring med direkte kontakt med menneske i ulike livsfasar kunnskap om, eller erfaring frå arbeid med psykiske helseutfordringar Kva ser vi etter hos deg? er god til å kommunisere med ulike menneske og som skaper gode og trygge relasjonar er god til å motivere og inspirere kan prioritere, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere uventa hendingar trivst med å bli følgd opp på kvalitet og resultat er sjølvgåande med evne til eigenmotivasjon Kvifor velje oss moglegheit til å gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag ein spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling opplæring, kurs og kompetanseheving stillingskode 1434 Rådgivar i lønnsspenn frå kr. 639 000 til kr. 680 000 per år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast. god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida Les meir om å jobbe i Nav Kontaktinformasjon Liv Rosendahl, Avdelingsleiar, Arbeidssted Møllendalsveien 6 5009 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5162544953 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.08.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card