Assistent/barne- og ungdomsarbeidar

BRATTVÅG BARNESKULE · Brattvåg, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
BRATTVÅG BARNESKULE
Location
Brattvåg, Norge
Posted
August 16, 2026

About this job

På grunn av permisjonar har Brattvåg barneskule ledig vikarstillingar som assistent/fagarbeidar, med snarleg oppstart. Ei av stillingane varer fram til jul, medan den andre er for om lag eitt år med mogelegheit for forlenging. Stillinga kan delast av fleire i mindre stillingsbrøkar. Vi søker motiverte og engasjerte tilsette som har lyst til å gjere ein forskjell for elevane våre. Du vert då ein del av vårt flotte kollegium og får vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande miljø. Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har 200 elevar med mange ulike nasjonalitetar. Skulen har innført leik og læring på dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken, samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen. Skulen er sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna. I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida. I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv. Arbeidsoppgåver Gje omsorg og vere ein trygg omsorgsperson. Bidra i daglege aktivitetar og vere til stades for barna i skulekvardagen deira og på SFO. Bidra til at kvart enkelt barn opplever positiv oppfølging. Ha god fokus på det sosiale samspelet mellom elevane og bidra til ei positiv utvikling. Kvalifikasjonar Ha gode relasjonelle eigenskapar Søkarar må beherske norsk skriftleg og munnleg. Søkjar bør har fleirspråkleg kompetanse td. ukrainsk. Må kunne takle raske og utfordrande situasjonar. Ønskeleg med erfaring med barn med ulike diagnosar og utfordringar. Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest. Personlege eigenskapar Du må vere ein ansvarsfull vaksen med fokus på kvart enkelt barn og grupper. Ha god fokus på relasjonsbygging og vere bevisst at du som vaksen skal vere ein god rollemodell. Gode omsorgsevner Kunne arbeide sjølvstendig i ein hektisk kvardag. Du må vere løysingsorientert, punktleg, påliteleg, fleksibel og ha gode samarbeidsevner. Du må trivast både med ute- og inneaktivitetar. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting. Vi tilbyr Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø, og ikkje minst flotte elevar. Opplæring vil bli gitt. Stillingane kan bli forlenga. Løn ifølge tariff. Pensjonsordning gjennom KLP. Kontaktinformasjon Unni N Krogsæter, Verksemdsleiar/Rektor,, Arbeidsstad Skulesvingen 6270 Brattvåg Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5160950093 Stillingsprosent: 100, 80% Vikar Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 18.12.2026 Søknadsfrist: 28.08.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free