Barnehagelærar

LONGVA BARNEHAGE · Longva, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
LONGVA BARNEHAGE
Location
Longva, Norge
Posted
August 16, 2026

About this job

Longva barnehage ligg flott til midt på øya på Flemsøy/Skuløy. Barnehagen har naturen tett på, med gode høve til turar i skog, fjell og fjøre, som ein nyttar heile året til utforsking, leik og læring. Longva barnehage vart ny kommunal barnehage i Haram 1. august 2025, og har i dag 21 barn frå 1-5 år, og ei personalgruppe med god fagleg kompetanse. Frå 12. oktober 2026 har Longva barnehage behov for barnehagelærar i fast 60 % stilling. Vi søker deg som er trygg og engasjert, og som set barnet sitt beste i sentrum og bidreg til fellesskap, trivsel og kvalitet i barnehagen. Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode. Arbeidsoppgåver Medansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet, i tråd med ramme - og lovverk (jf. Barnehageloven og Rammeplan for barnehage) Rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda han/ho er sett til Kvalifikasjonar For stilling som barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Søkar må vidare: Levere oppdatert politiattest Jobbe i tråd med barnehagelova Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. For å bli fast eller mellombels tilsett som barnehagelærar, må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar kunne dokumentere sine norskferdigheiter (jf. barnehageloven § 28). Søkjar skal legge resultat av språktest saman med søknad og CV. Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer Personlege eigenskapar Vi søker deg som har evne til å: Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring Jobbe sjølvstendig og vere synleg i gruppa Motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet Bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og det som elles skjer på eigen arbeidsplass Vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping Vere bidragsytar i ein levande og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøte, planleggingsdagar og i oppfølging av kurs Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov Jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus Samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon Vere ein god rollemodell Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/ psykososialt miljø for både barn og vaksne, her under utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf barnehagelova Sikre barna sin rett til medverknad og involvering Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Vi tilbyr Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader Løn etter gjeldande tariff God pensjonsordning Kontaktinformasjon Reidunn Rogne Flem, Barnehagestyrar,, Arbeidsstad Øvstevegen 212 6293 Longva Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5162512060 Stillingsprosent: 60% Fast Startdato: 12.10.2026 Søknadsfrist: 31.08.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free