Kjøkkenassistent i Beito barnehage

ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE VASSVERK · Beito, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE VASSVERK
Location
Beito, Norge
Posted
August 16, 2026

About this job

Beito barnehage er bygd i 2005 og har lyse lokalar utforma med større og mindre rom. Barnehagen har 55 plassar fordelt på fleire avdelingar. Barnehagen ligg plassert i eit roleg område, tett inntil skog og vatn. Vi har eit stort uteområde med naturtomt, der barna kan leike variert, utforske naturen og utfordre seg sjølv. I barnehagen møter du eit godt kvalifisert personale som har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving til barn sitt beste. Fleksibilitet, tillit, humor og glede bidreg til eit godt arbeidsmiljø i barnehagen. Øystre Slidre kommune har fått tilskott til "toppa bemanning" i barnehagen, og vi ønskjer å bruke tilskottet til å tilsetje ein kjøkkenassistent for barnehageåret 2026/2027. Stillinga er ledig frå dags dato og varer til og med 10.08.27. Stillinga er på 24% og har arbeidstid 3 timar 3 dagar i veka. Arbeidstida er ved lunsjtid. Arbeidsoppgåver Planlegge og tilbrede enkle måltid, i hovudsak lunsj Vaske og rydde opp etter måltid Andre oppgåver kan vere aktuelle, med bakgrunn i erfaring og kompetanse til den som blir tilsett Kvalifikasjonar Vi stiller ingen formelle utdanningskrav, og vi søkjer deg som har interesse for matlaging, kan lage enkle måltid og har interesse for å jobbe med barn Om du har vore utanfor arbeidslivet ei periode, er du velkommen til å søke Du må ha grunnleggande norskkunnskapar og forstå beskjedar som blir gitt Det er krav om politiattest etter barnehagelova §30 Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar i tilsettinga Personlege eigenskapar Kunne samarbeide med og skape gode relasjonar til barn og vaksne i barnehagen Vere påliteleg og pliktoppfyllande Vere fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver Ha humor og glede i arbeidskvardagen Vi tilbyr Eit godt arbeidsmiljø der du er ønska i stillinga Lønn etter kommunal tariff Kontaktinformasjon Dagny Viola Björklöf, Styrar Beito barnehage, Arbeidsstad Øyangsvegen 11 2952 Beito Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5164641809 Stillingsprosent: 24% Engasjement Søknadsfrist: 06.09.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free