Sjukepleiar: spennande kombinasjonsstilling som del av skopi-team og sengepost

HELSE BERGEN HF VOSS SJUKEHUS · Voss, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
HELSE BERGEN HF VOSS SJUKEHUS
Location
Voss, Norge
Posted
August 16, 2026

About this job

Voss sjukehus har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar i medisinsk seksjon, 80% poliklinikk og 20% sengepost. Har du lyst til å bli ein del av vårt skopi-team og er nysgjerrig på det indremedisinske fagområdet? Då kan dette vere stillinga for deg. Arbeidet i poliklinikken består av å førebu og støtte pasientar før og under undersøking. Du får assistere legespesialistar, i tillegg til tekniske oppgåver knytt til avansert medisinsk utstyr. Turnus i poliklinikken utgjer 80% av turnus der arbeidstid er mellom kl 08 og 15:30. I tillegg til dagarbeid i poliklinikken er du del av vår bemanning i sengeposten. Dette byr på ein varrieret kvardag med 35,5 timers arbeidsveke og jobb kvar 3. helg. Som sjukepleiar i sengepost vil du bli del av eit aktivt miljø med høg fagleg kompetanse som behandlar pasientar med ulike indremedisinske diagnosar. Vi tilbyr ein spennande kombinasjonsstilling der du får utvikle deg fagleg og bidra i eit kompetent og engasjert miljø. Vi ynskjer DEG med på laget! Medisinsk seksjon består av merkantilt personell, poliklinikkar, dialyseavdeling og sengepost. Arbeidsoppgåver Medikamenthandtering Førebu og oppfølging av pasientar til poliklinisk behandling Håndtere og reinhald av medisinsk teknisk utstyr i poliklinikk knytt til skopi Observasjon og oppfylgjing av inneliggjande pasientar Utøva god omsorg for pasientar og pårørande Teamarbeid med andre yrkesgrupper Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Erfaring som sjukepleiar er ein fordel men ikkje eit krav Meistre norsk skriftleg og munnleg God fagleg kvalitet i pleie av pasientar Kjennskap til bruk av IKT-verktøy Personlege eigenskapar Bidreg positivt fagleg og kollegialt Er strukturert og tek ansvar Evner å arbeide sjølvstendig samstundes som at du er ein god lagspelar Har pasienten i fokus Verdset å halde deg fagleg oppdatert Har gode kommunikasjonsevner Er tilpasningsdyktig og fleksibel Me tilbyr Omfattande opplæring og kurs Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons -og forsikringsordningar Ein arbeidsplass med høg fagleg standard Eit trygt og godt arbeidsmiljø Årsturnus, med høve for påverknad Vi oppmodar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Linn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Sjukehusvegen 16 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5154927217 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.09.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free