Fritidskontakt i Florø
FLORØ DAGTILBOD MILJØHUSET · Florø, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- FLORØ DAGTILBOD MILJØHUSET
- Location
- Florø, Norge
- Posted
- August 16, 2026
About this job
Vil du gjere ein forskjell i livet til eit barn eller ein ungdom? Har du eit engasjement, ein hobby eller litt tid til overs? Då kan du vere akkurat den personen eit barn eller ein ungdom treng for å oppleve meistring, glede og gode opplevingar i kvardagen. Fritidskontakt er det som tidlegare var omtalt som støttekontakt. Dersom dette kan være noko for deg, skriv gjerne litt om dine interesser. Arbeidsoppgåver Fritidskontakt si viktigste oppgåve er å hjelpe den enkelte til ei meiningsfull fritid. Vi søkjer deg som er over 18 år og liker å delta på ulike aktiviteter. Som fritidskontakt blir du ein trygg og positiv støttespelar som deler aktivitetar og interesser med barnet eller ungdommen. Det kan vere alt frå å: ⚽ Spele fotball eller vere med på trening 🎣 Fiske eller vere ute i naturen 🎨 Teikne, male eller drive med kreative aktivitetar 🎮 Spele spel eller utforske digitale interesser ☕ Ta ein prat over ein kakao eller gå ein tur Det viktigaste er ikkje kva du gjer, men at du er ein vaksen som bryr seg, lyttar og skaper gode opplevingar saman med ein ungdom eller eit barn. Kvalifikasjonar Du treng ikkje spesialutdanning. Vi ser etter deg som: er påliteleg og omsorgsfull har evne til å skape gode relasjonar ønskjer å bidra til inkludering og meistring kan setje av nokre timar i månaden Du må ha tid til overs, evne til å sette deg inn i andre sin situasjon og ha lyst til å gjere noko meiningsfylt i samspill med andre. Politiattest av nyere dato må fremlegges må fremlegges før oppstart. Personlege eigenskapar Du er ansvarsfull og glad i å være saman med andre menneske. Du er trygg, kan kommunisere og likar å finne på aktivitetar. Vi tilbyr Rettleiing og oppfølging Godtgjersle etter gjeldande satsar Ei meiningsfull oppgåve der du verkeleg utgjer ein forskjell Bli med og skap gode minner, nye moglegheiter og lysglimt i kvardagen for eit barn eller ein ungdom. Kontaktinformasjon Linda Lundebrekke, Tenesteleiar bu og miljø - miljøhuset/avlastning/støttekontakt, Arbeidsstad Fjordgata 1 6900 Florø Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5166703997 Stillingsprosent: 5% Engasjement Søknadsfrist: 06.09.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card