Deltidsstilling
EIDE FJORDBRUK AS · Bergen, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- EIDE FJORDBRUK AS
- Location
- Bergen, Norge
- Posted
- August 17, 2026
About this job
Me har utvikla eit nytt senter for EBIT og biologi, med ansvar for biologisk styring og forvaltning av all fisk frå om lag 1 kg og fram til slakt. Som deltidsansatt blir du ein del av det operative leddet som omset biologi til EBIT -- der kvar fôringsavgjerd, vekstkurve og helsestatus skal sjåast i samanheng med slakteplan og marknad. Stillinga passar for deg som ønskjer relevant arbeidserfaring ved sida av studia, og som kan bidra i avgrensa periodar, til dømes ved ferieavvikling, sesongtoppar eller anna fråvær. Om stillinga: I rolla blir du ein del av den daglege drifta og får arbeide tett saman med erfarne kollegaer i eit fagmiljø med fokus på kvalitet, fiskevelferd og berekraft. Arbeidskvardagen er variert og gir deg moglegheita til å utvikle praktiske ferdigheiter, få innsikt i produksjonen og lære korleis ulike delar av havbruksdrifta heng saman. Eksempel på arbeidsoppgåver Dagleg fôring og appetittkontroll -- du bidreg til å justere fôringa i sanntid etter appetitt, åtferd og kamera. Forvaltning av fisken -- du bidreg til å vurdere vekst, kondisjon og biomasse mot rett storleik til rett tid, sett i samanheng med fiskehelse og slakteplan. Plan, analyse og EBIT -- du bidreg til å oppdatere fôrings- og forvaltningsplan løpande og levere talgrunnlag til sals- og produksjonsplanlegging. Utvikling og effektivisering -- du bidreg til å forbetre fôringspraksis for betre FCR, og til å dokumentere resultat og dele beste praksis med Kjernen. Samhandling med driftsteama -- du støttar lokalitetane i den daglege drifta og sikrar god informasjonsflyt mellom lokalitet, senter og Kjernen. Kven er du? Me ser etter deg som ønskjer å få relevant erfaring frå havbruksnæringa. Du er engasjert, lærevillig og trivst med ein variert arbeidskvardag. For oss er motivasjon, haldningar og verdiar viktig. Vi ønskjer deg med på laget som er samarbeidsvillig, bevisst i eigne handlingar, og som tek ansvar både for menneska rundt deg og arbeidet du utfører. Du trivst med å jobbe i team, deler kunnskap, er nysgjerrig, lærevillig og bidreg positivt til kulturen. Verdiane våre er kompasset i alt vi gjer: **Uredd.**Vi tør å satse på visjonar og på folk. **Nytenkjande.**Vi utfordrar etablerte sanningar og gjer ting på nye måtar. **Bevisst.**Vi tek ansvar for fisk, folk, fjord og framtid. Fisk. Folk. Fjord. Framtid. -- det er kompasset vårt. Relevant utdanning -- du er student innan akvakultur, biologi, marinfag eller tilsvarande, og ønskjer relevant arbeidserfaring ved sida av studia Fagbrev eller erfaring -- fagbrev eller relevant utdanning innan akvakultur er ein fordel -- erfaring kan kompensere for formell utdanning Digital kompetanse -- kjennskap til fôringssystem, kameraovervaking og digitale driftsverktøy er ein fordel Språk -- gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Fleksibilitet -- du kan stille på relativt kort varsel og bidra i avgrensa periodar Kvifor bli ein del av teamet? Vi tør å satse, både på visjonar og på folk. Vi har eit motto: det viktigaste er å ha det gøy. Eit godt arbeidsmiljø er fundamentet for alt vi får til saman. Den som ingenting vågar, vinn ingenting. Vi ser etter folk som tør å prøve, som tek læring med vidare, og som har lyst til å vere med å forme korleis Watermoon skal driftast i kommersiell skala. Vi er eit familieeigd selskap som tenkjer i generasjonar, ikkje i kvartal. Du kjem inn i ei verksemd i sterk utvikling, og du får utvikle deg saman med oss. Søknadsinformasjon Vi ynskjer deg velkomen til å sende inn søknad, CV og relevante dokument via søknadsportalen. Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med Ida Sørheim, telefon, e-post.
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card