Sjukepleiar – få variasjon utan å bytte jobb
HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS · Haugesund, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS
- Location
- Haugesund, Norge
- Posted
- August 16, 2026
About this job
✨ Du treng ikkje velje éi avdeling for å få fast jobb hos oss. Ved Bemanningssenteret i Haugesund får du jobbe på fleire avdelingar og klinikkar. Du får bruke sjukepleiefaget på ulike måtar, møte mange pasientgrupper og bli kjent med fleire gode kollegaer. Dette er ein jobb for deg som likar variasjon, vil utvikle deg fagleg og ønskjer ein fast jobb med god oversikt over når du skal jobbe. Du får årsarbeidsplan, faste fagdagar i turnusen og fleksibilitetstillegg på 33 000 kroner i året i full stilling. Er du nyutdanna våren 2026? Då er du hjarteleg velkommen til å søkje. 👉 Klar for å prøve noko litt annleis? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Send oss ein søknad – vi gler oss til å bli kjent med deg. Kva går jobben ut på? Arbeidsoppgåvene vil vere: Sjukepleie og oppfølging av pasientar på ulike avdelingar. Undersøkingar og praktiske prosedyrar. Dokumentasjon og administrative oppgåver. Samarbeid med andre faggrupper og avdelingar. Oppfølging og rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar. Studentansvar der det er aktuelt. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha: Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Grunnleggande IT-kunnskap. Det er ein fordel om du har: Erfaring frå sjukehus. Kjennskap til DIPS og Meona. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss passar du god om du: tek ansvar og er til å stole på spør når du lurer på noko samarbeider godt med ulike kollegaer og faggrupper klarer å tilpasse deg nye avdelingar og arbeidsmåtar møter pasientar og kollegaer på ein trygg og god måte ønskjer å halde deg fagleg oppdatert bidreg til eit godt arbeidsmiljø, også når dagen er travel Du treng ikkje kunne alt frå før. Det viktigaste er at du har lyst til å lære, trivst med variasjon og ønskjer å bruke sjukepleiefaget på fleire måtar. Kvifor skal du velje sjukepleiar stilling hos oss? Hos oss får du: 100 % fast stilling fleksibilitetstillegg på 33 000 kroner per år i full stilling årsarbeidsplan, slik at du veit når du skal jobbe moglegheit til å byte inntil 8 vakter per 12-vekersperiode ved behov faste fagdagar i turnusen erfaring frå fleire avdelingar og klinikkar god innsikt i ulike pasientforløp Dette er ein god jobb for deg som vil utvikle deg som sjukepleiar, men ikkje ønskjer å låse deg til eitt fagområde med ein gong. 🌟 Kjenner du at dette kan passe for deg? Då håpar vi du søkjer. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Toril Førland, Funksjonsleiar, Arbeidsstad Karmsundgata 51 5529 Haugesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5166693757 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card