Miljørettleiar/miljøarbeidar

OSTERØY KOMMUNE PPT-KONTORET · Lonevåg, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
OSTERØY KOMMUNE PPT-KONTORET
Location
Lonevåg, Norge
Posted
August 13, 2026

About this job

Om stillinga Lonevåg er ein 1.- 7. skule med om lag 230 elevar og 30 tilsette. Osterøyskulen sin visjon er "lærelyst for meistring i framtida".Trygt og godt skulemiljø, elevmedverknad og lesing er satsingsområda til skulane på Osterøy. Som miljørettleiar/miljøarbeidar er den viktigaste oppgåva å skape eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevane våre. Lonevåg skule skule har no ei ledig fast stilling som miljøretteleiar/miljøarbeidar. Stillinga er fordelt mellom arbeid ved SFO samt oppfølging av enkeltelevar, elevgruppar og klasser. Vi ser etter deg som ønskjer å ivareta og lage gode dagar og læringsmiljø for elevane våre. Oppstart i stillinga 01.10.2026 eller avtale med leiar Arbeidsoppgåver Som miljøterapaut er du ein aktiv bidragsytar i å skapa eit trygt og godt skulemiljø. Du vil i tillegg ha eit særleg ansvar for tilrettelegging og å skape ein forutsigbar og meinigsfull kvardag for elevane våre. Arbeidsdagen vil vere variert med oppgåver knytt mot enkeltelevar, klasser og skulemiljøet generelt. Bidra til å styrke laget rundt elevar, ha fokus på relasjonsbygging for å skape tryggleik Du skal fungere som eit bindeledd mellom det sosialfaglige og pedagogiske opplegget knytt til elevar Ansvar for å tilretteleggje for ulike aktivitetar og følgje opp enkeltbarn og elevgrupper Bidra med utarbeiding og oppføljing planar og rutinar som skapar ein god struktur i kvardagen Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnere Bidra til eit utviklande og positivt arbeidsmiljø Vi tilbyr Eit godt og positivt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og varierte oppgåver på ein flott arbeidsplass Ein skule i utvikling Løn etter tariff Relevante kurs og rettleiing Kvalifikasjonskrav Til stillinga er det eit ønskje om: * treårig høgskuleutdanning som vernepleie eller sosionom * helsefagarbeidar / barne-og ungdomsarbeidar med relevant erfaring kan kompenserer for krav om høgskule. Stillinga krev stor grad av engasjement, fleksibilitet og sjølvstende. Krav om politiattest jf. opplæringslova som ikkje er eldre enn 3 md ved tiltreding i stilling Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! Kven er du? Du er god på relasjonbygging Du står stødig når barn treng innramming. Du møter alle barn med respekt og varme, og er ein raus og trygg vaksen. Du er positiv, set eleven i sentrum og er bevisst på å vere ein god kultur-og haldningsbærar Fagleg engasjert og likar å jobbe systematisk Har gode samarbeidsevner og ønskjer å samarbeide og dele kompetase med dyktige kollegaer Aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø Treff dette deg? Då er det kanskje nettopp deg vi håper å ønskje velkomen til skulen vår!

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free