Vernepleiar

VAKSDAL KOMMUNE BUEINING FOR FUNKSJONSHEMMA · Dalekvam, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
VAKSDAL KOMMUNE BUEINING FOR FUNKSJONSHEMMA
Location
Dalekvam, Norge
Posted
August 13, 2026

About this job

Om stillingen I Elvevegen bueining bur det 10 bebuarar med nedsett funksjonsevne i alderen 32-73 år som det blir gjeven heildøgns helse og omsorgssteinestar til. Bebuarane har varierande utfordringar og hjelpebehov. I tillegg gjev me tenester til ein ekstern tenestemottakar i nærområdet. Vi har avlastingsbustad for barn og unge og dagsenter knytt til eininga. Elvevegen bueining er plassert på Dale og har lett tilkomme med offentleg transport. Vi søker no etter ein robust medarbeidar som har engasjement, godt humør og lyst til å bidra til fellesskapet vårt. Vil du vere med å bidra til god livskvalitet og ein meiningsfull kvardag for bebuarane våre? Då ønsker vi å høyre frå deg. Vi har ledig ein 100% fast stilling. Velkomen til Elvevegen. Arbeidsoppgåver Fagansvar, under dette ansvar for utarbeiding/oppfylging av IP og miljøpermar til fleire bebuarar Faglege utfordringar innan tradisjonelt miljøarbeid, psykiatri, geriatri og somatikk Sikre at tenestemottakarane får naudsynt hjelp og kvalitativt gode tenester i samsvar med gjeldsande lovverk, avtalar, vedtak og retningslinjer Kontakt og møte med eksterne og interne samarbeidspartnarar. Delta og ha ansvar for ansvarsgruppemøte. Bidra til å framja eit godt fagleg innhald i tenesta Rettleiing og opplæring av medarbeidarar Medikamenthandtering Miljøarbeid med bebuarane, praktiske gjeremål og dagleg drift i bustad. Vere ein pådrivar for ein aktiv og meiningsfull kvar dag Andre delegerte oppgåver frå leiar Kvalifikasjonskrav Vi søker primært etter vernepleiar, men andre relevante høgskuleutdanningar kan bli vurdert Relevant vidareutdanning vil bli prioritert Interesse og engasjement for brukargruppa er ein forutsetnad God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne Må ha gyldig politiattest Må ha førarkort klasse B Gode IT kunnskaper er eit krav Ønskeleg med erfaring frå arbeid i bustad og avlasting for menneske med nedsatt funksjonsevne Personlege eigenskapar Du er trygg, tydeleg og tilstades for brukarane og kollegaer Du arbeider godt sjølvstendig og er god på samarbeid med medarbeidarar, samarbeidspartnarar og pårøyrande Du har høg arbeidskapasitet og høgt nærvær, er løysningsorientert, fleksibel og endringsvillig i ein uføreseieleg kvardag Du bidreg positivt i arbeidsmiljøet ved å framja gode haldningar og etisk refleksjon. Du er ein bidragsytar til godt arbeidsmiljø. Du evnar og er oppteken av å skape tillit og gode relasjonar. Hos oss er det viktig at du trivast med, meistrar og passar til arbeidsoppgåvene og i miljøet, difor legg me stor vekt på personleg eignaheit ved tilsettinga. Vi tilbyr Gode pensjons- og forsikringsordningar Individuell oppfølging Gode moglegheitar for støtte til utdanning Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg Vi kan tilby langvakter kvar fjerde helg

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free