Miljøarbeidar

OSTERØY KOMMUNE PPT-KONTORET · Valestrandsfossen, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
OSTERØY KOMMUNE PPT-KONTORET
Location
Valestrandsfossen, Norge
Posted
August 13, 2026

About this job

Om stillinga Ved Valestrand skule skal vi saman leggje til rette for læring og utvikling for alle elevar, og stimulere den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på seg sjølv. Trygt og godt skulemiljø, elevmedverknad og lesing er satsingsområda til skulane på Osterøy. Vi ser etter deg som ønskjer å ivareta og lage gode dagar og læringsmiljø for elevane våre i ein 100 % fast stilling. Oppstart i stillinga er 01.11.2026 Arbeidsoppgåver Som miljøarbeidar ved skulen vår vil du ha varierte arbeidsdagar med variert innhald. Arbeidsoppgåver som er knytt til stillinga er mellom anna: Arbeide for eit trygt og inkluderande skulemiljø Bidra til å styrke laget rundt elevar, samt ha fokus på relasjonsbygging for å skape tryggleik Du har medansvar for at opplæringslova og rammeplanen blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på skule og i SFO Ansvar for å tilretteleggje for ulike aktivitetar og følgje opp enkeltbarn og elevgrupper i skule og SFO Bidra til utviklande og positivt arbeidsmiljø Vi tilbyr Vi tilbyr varierte og spennande arbeidsoppgåver Eit stabilt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte vaksne som bidreg aktivt for læring og utvikling Gode pensjons- og forsikringsvilkår, for tida plasserte hjå KLP Ein arbeidsplass med naturen som næraste nabo! Om du kjem med bil er det gode parkeringsmoglegheiter Ein arbeidsplass som gler seg til å få deg som ny kollega! Kvalifikasjonskrav Kvalifikasjonskrav Du har fortrinnsvis fagbrev i helsefagarbeidarfaget eller barne- og ungdomsarbeidarfaget Ønskjeleg erfaring frå arbeid med barn Vidareutdanning i "kvalitetsarbeid i SFO" er eit ønskje Personlege eigenskapar vil bli tillagd vekt i prosessen Har du ikkje fått fagbrevet heilt endå men ønskjer å ta det snarleg, ønskjer vi også å kome i kontakt med deg Dersom du får tilbod om stilling må du legge fram gyldig politiattest jf.opplæringslova som ikkje er eldre enn 3 md. Kven er du? Som miljøarbeidar ved Valestrand skule må du like å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer Du møter alle barn med respekt og varme, og er ein raus og trygg vaksen Du står stødig når barn treng innramming Du er nysgjerrig og har mot og vilje til å vere i utvikling Du er fleksibel, omstillingsdyktig, finn løysingar, og likar å jobbe i team Du tar initiativ til å sjå ting frå nye innfallsvinklar og likar å jobbe tverrfagleg Du er strukturert og nøyaktig Treff dette deg? Då er det kanskje nettopp deg vi håper å ønskje velkomen til skulen vår! Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter! Sjå vår P ensjonsguide for meir informasjon om kva for goder du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free