Brenn du for nettverk, automasjon og moderne infrastruktur?
HELSE VEST IKT AS AVD BERGEN · Bergen, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- HELSE VEST IKT AS AVD BERGEN
- Location
- Bergen, Norge
- Posted
- August 13, 2026
About this job
No søker vi ein nettverksspesialist som vil vere med å utvikle skyplattforma vår. Du blir ein del av Datasenter-teamet, som har ansvar for datasenter, nettverk, lagring og den underliggande infrastrukturen skyplattforma byggjer på. Hos oss blir du ein del av eit breitt fagmiljø der datasenter, nettverk, Kubernetes, automatisering og offentleg sky blir levert som éi samla skyplattform. Vi jobbar i produktorienterte team med høg grad av eigarskap, samarbeid og kontinuerleg forbetring. Vi ser etter deg som brenn for nettverksfaget, likar å automatisere og forenkle, og som ønsker å vere med på å forme framtidas plattformtenester. Hos oss får du jobbe med infrastruktur som er avgjerande for pasientbehandlinga i Helse Vest, saman med dyktige kollegaer i eit miljø prega av tillit, kunnskapsdeling og kontinuerleg læring. Arbeidsstad er i Stavanger eller i Bergen. Arbeidsoppgåver Ha ei sentral rolle i drift, forvaltning og vidareutvikling av datasenternettet. Automasjon av konfigurasjon og endringar. Vere fagleg rådgivar og drive arkitekturval og strategisk vidareutvikling av nettverksløysingane i datasentera. Arbeide med GitOps og kunnskapsdeling for å sikre effektive og standardiserte arbeidsprosessar. Drive kontinuerleg forbetring av IKT-sikkerheit innan nettverksområdet. Bidra til kompetansedeling, fagutvikling og vidareutvikling av eit sterkt nettverksfagleg miljø. Kvalifikasjonar Må-krav Høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan IT. Solid relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Solid erfaring og kunnskap innan nettverksfaget. Du kan sikkerheitsklarerast i samsvar med Verksemdsforskrifta § 69. Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Ønskjelege kvalifikasjonar Erfaring med Cisco Nexus-plattforma. Relevante sertifiseringar innan nettverk og infrastruktur. Erfaring med Ansible, Terraform eller tilsvarande løysingar for automatisering. Erfaring frå drift av større og komplekse IT-miljø. Personlege eigenskapar Du er ansvars- og kvalitetsbevisst med høg grad av integritet. Du kan jobbe sjølvstendig og tverrfagleg med komplekse oppgåver. Har eit framtidsretta tankesett, og er nysgjerrig på teknologi og open for nye utfordringar. Har respekt for andre sine tankar og meiningar. Er hjelpsam, kunnskapsrik og trivst med å dele kompetanse og bidra til fagleg utvikling i teamet. Vi tilbyr Høyrest det givande ut å jobbe med teknologi som støttar livsviktige tenester og bidreg til ei trygg og moderne helseteneste? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Hos oss får du: Ei sentral rolle i utviklinga og drifta av ein av Noregs mest komplekse og samfunnskritiske IT-infrastrukturar. Moglegheit til å arbeide med moderne teknologi og løysingar i stor skala. Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Spennande og varierte arbeidsoppgåver med stor påverknad på tenestene vi leverer til sjukehusa på Vestlandet. Opplæring, sertifiseringar og kurs innan fagområda du skal arbeide med. Tett samarbeid med dyktige kollegaer på tvers av teknologi- og fagmiljø. Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkludert lunsj. Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP. Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette. Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med høg trivsel og godt kollegialt samhald. Løn etter avtale. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Ivan Dyb Holmedal, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Bjørnsons gate 29 5052 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Vest IKT Referansenr.: 5152981442 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card