Kommunedirektør i Sunnfjord kommune

SUNNFJORD KOMMUNE , SENTRALADMINISTRASJONEN · Førde, Norge · Remote-friendly

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
SUNNFJORD KOMMUNE , SENTRALADMINISTRASJONEN
Location
Førde, Norge
Posted
August 14, 2026

About this job

Vi søkjer kommunedirektør som ønskjer å utvikle Sunnfjord kommune for framtida. Stillinga gir deg spennande og utfordrande arbeidsoppgåver som gir deg moglegheita til å forme organisasjonen og skape trivelege samfunn. Sunnfjord er eit vekstsamfunn med god trivsel og gode tenester for innbyggjarane. Det er ønskjeleg at vår nye kommunedirektør deler verdiane i organisasjonen og i lokalsamfunnet vårt, og brenn for heilskaplege løysingar. Sunnfjord er ein nynorskkommune. Arbeidsoppgåver: vere oppteken av kommunen si rolle som samfunnsutviklar/tilretteleggjar i tett samarbeid med politisk leiing sjå og utvikle moglegheiter for næringsutvikling i ein kommune som er rik på ressursar leiing og samordning av heile den administrative verksemda i kommunen utvikle Sunnfjord kommune vidare som ein brukarorientert, open, nyskapande og kompetent organisasjon god økonomistyring vere bindeledd mellom folkevalde organ og administrasjonen etablere gode relasjonar mot næringslivet i kommunen og ulike eksterne samarbeidspartar Vi søkjer etter ein toppleiar med følgjande kvalifikasjonar: relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå eller tilsvarande innafor relevante fagområde for kommunal forvaltning solid leiarerfaring (frå offentleg og/eller privat verksemd) god økonomiforståing handlings- og løysingsorientert god relasjonskompetanse og gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg erfaring frå offentleg forvaltning og politiske prosessar vil bli vektlagt Ved tilsetjinga vil det bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer ein toppleiar som er: tydeleg, strukturert og samtidig inkluderande med god evne til å skape tryggleik og motivasjon for omstilling i stand til å vidareutvikle og styrke eiga leiargruppe og sikre ein effektiv organisasjon handlings-, resultat- og løysingsorientert, og med evne til å tenkje heilskapleg og strategisk samfunnsengasjert med evne til å sjå verdiane, utfordringane og moglegheitene som ligg i kommunen og regionen Vårt verdigrunnlag: Sunnfjord kommune har valt fylgjande verdiar som styrande for arbeidsgjevarpolitikken: Engasjert - Inkluderande - Nær. Verdiane skal vere styrande for korleis vi møter våre brukarar, innbyggjarar og kvarandre som tilsette i Sunnfjord kommune. Sunnfjord kommune tilbyr: ei spennande direktørstilling i ein triveleg kommune arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår eit godt og stabilt arbeidsmiljø med god fagkompetanse moglegheiter for personleg utvikling løn etter avtale gode forsikrings- og pensjonsordningar Generelle opplysningar Alle førespurnader til Capus blir behandla konfidensielt innanfor rammene av gjeldande regelverk. I samsvar med offentleglova § 25 vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Søkjarar som ber om unntak frå offentlegheit, må grunngje dette særskilt. Kommunen gjer ei konkret vurdering av førespurnaden. Dersom førespurnaden ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla før offentleggjering. Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lover og reglar for offentleg sektor. Ta kontakt med Capus ved Per Jorem på telefon eller Åslaug Krogsæter på telefon. Søknadsfristen er seinast 15.09.2026. Ikkje vent med å søkje - vi les søknader fortløpande. CV og søknad kan du laste opp hos Capus.

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free