Fagansvarleg kunderettleiing

NGIR DRIFT AS · Hundvin, Norge

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
NGIR DRIFT AS
Location
Hundvin, Norge
Posted
August 14, 2026

About this job

Kvar dag hjelper vi innbyggjarar og verksemder med å ta gode miljøval. For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg måte treng vi kundetenester som er effektive, framtidsretta og skapar gode opplevingar for dei som tek kontakt med oss. No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert fagansvarleg kunderettleiing som vil vere med å styrkje og vidareutvikle kundetenestene våre. Dette skal du jobbe med Likar du å hjelpe menneske, finne gode løysingar og samtidig ta ansvar for fagleg kvalitet og utvikling? Då kan dette vere stillinga for deg. Som fagansvarleg kunderettleiing får du ei sentral rolle i kontakten mellom NGIR og innbyggjarane i regionen. Du er ein viktig fagressurs i avdelinga og skal bidra til at kundane får rask, tydeleg og profesjonell hjelp, samstundes som du har ansvar for å sikre kvalitet, kompetansedeling og kontinuerleg utvikling av kunderettleiinga. Rolla kombinerer operativ kundekontakt med fagleg ansvar. Du vil rettleie kundar på telefon, e-post, digitale kanalar og ved kundebesøk, men også vere pådrivar for gode rutinar, effektiv arbeidsflyt og einsarta kundehandsaming i tråd med lov og retningslinjer. Du vil støtte kollegaer i faglege spørsmål, bidra til å utvikle kompetansen i teamet og vere med på å identifisere og gjennomføre forbetringstiltak. Gjennom innsikt i kundebehov og erfaring frå den daglege drifta skal du bidra til utvikling av tenester og arbeidsprosessar som gjer det enklare for kundane å finne svar og løysingar. Du blir ein viktig ambassadør for NGIR og ei sentral kraft i arbeidet med å skape gode kundeopplevingar og høg fagleg kvalitet. Dette er ei variert rolle for deg som trivst i møtet med menneske, ønskjer å ta fagleg ansvar og motiverast av å utvikle både tenester, arbeidsmåtar og menneska rundt deg. Kven er du? Vi ser etter ein person som trivst i eit arbeidsmiljø der ein kombinerer struktur, fagleg kvalitet og gode relasjonar. Du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for å få oppgåver gjennomførte, samstundes som du set pris på samarbeid og kunnskapsdeling. Du har evne til å sjå heilskap, identifisere forbetringsmoglegheiter og omsetje idear til konkrete tiltak. Som person er du serviceorientert og oppteken av å skape gode kundeopplevingar. Du kommuniserer tydeleg og tillitvekkjande, både med kundar, kollegaer og samarbeidspartnarar. Samstundes har du ei naturleg rolle som fagleg støttespelar for andre, og du trivst med å dele kunnskap, rettleie kollegaer og bidra til utvikling av eit sterkt fagmiljø. Vi trur du vert motivert av å kombinere kundedialog med fagleg utviklingsarbeid, og at du ser verdi i å påverke både kvaliteten på tenestene vi leverer og måten vi arbeider på. Vi ser etter deg som har: Du har relevant høgare utdanning på bachelor-nivå innan administrasjon, serviceleiing, offentleg forvaltning, kommunikasjon, marknadsføring eller tilsvarande fagområde. Erfaring frå kundeservice, kundedialog eller fagleg koordineringsarbeid vil vere ein fordel, og vi ser gjerne at du har arbeidd i roller der kvalitet, utvikling og samhandling har stått sentralt. Vidare har du god digital kompetanse og forståing for korleis digitale løysingar kan bidra til betre tenester og meir effektive arbeidsprosessar. Du uttrykkjer deg godt både munnleg og skriftleg, og er komfortabel med å formidle informasjon til ulike målgrupper. Kjennskap til offentleg forvaltning, renovasjonsbransjen eller liknande verksemd vil vere eit pluss. Administrasjonsspråket i NGIR er nynorsk. Kvifor velje NGIR? Hos oss får du meir enn ein jobb -- du blir ein del av eit selskap som arbeider for berekraftige løysingar og ei sirkulær framtid. Vi tilbyr: ei sentral rolle med stor påverknad på utviklinga av kundetenestene våre varierte arbeidsdagar med kombinasjon av drift, utvikling og fagleg ansvar moglegheit til å forme rutinar, arbeidsprosessar og framtidige løysingar eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer fagleg utvikling og høve til å setje retning innan ditt ansvarsområde ein arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag Dersom du ønskjer ein jobb der du kan kombinere fagleg ansvar, utviklingsarbeid og kundekontakt, håpar vi du sender inn søknad. Vi ser fram til å bli kjent med deg!

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free