Fagbioingeniør ved Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF · Bergen, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF
- Location
- Bergen, Norge
- Posted
- August 11, 2026
About this job
Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar har no eit ledig vikariat som fagbioingeniør frå 26.10.2026 til 26.07.2027, med moglegheit for forlenging. Seksjonen har 18 medarbeidarar, dette inkluderer 7 kjemikarar og 4 fagbioingeniørar. Vi har eit tett og godt samarbeid mellom faggruppene og eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og fagleg engasjement. Analyserepertoaret omfattar meir enn 50 ulike legemiddel og over 40 rusmiddel. Kvart år analyserer vi om lag 30 000 legemiddelprøver og 40 000 rusmiddelprøver frå både sjukehuset sine pasientar og primærhelsetenesta. I tillegg til omfattande rutinedrift driv vi og forsking og utviklingsarbeid. Seksjonen er ein del av Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga har om lag 370 tilsette fordelt på 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, i tillegg til tre legegrupper (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi). Laboratoriet er akkreditert etter ISO-standard 15189. Arbeidsoppgåver Oppfølging av analysemetoden Fosfatidyletanol (PEth) Jamleg tillaging og testing av ulike løysingar til drift av analysemetod Instrumentvedlikehald Oppfølging av analytisk kvalitetskontroll Skrive og redigeringsarbeid i EK Opplæring og sertifisering av tilsette på seksjonen Undervisning/rettleiing av bioingeniørstudentar Delta i dei daglege rutinane ved seksjonen, inkludert blodprøvetaking Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som bioingeniør med minimum 2 års praksis etter endt utdanning Erfaring frå arbeid med LC-MS/MS metodar og farmakologiske analysar er ein fordel Gode datakunnskapar er ein fordel Må meistre norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar blir vektlagde Personlege eigenskapar Evne til å arbeide nøyaktig, systematisk og konsentrert Positiv, hjelpsam, løysingsorientert og målretta Viser fagleg tryggleik, tillit og respekt Punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst Gode gjennomføringsevner Vere ein god teamarbeidar og bidra til godt samarbeid på seksjonen Trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø Vi tilbyr Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar Grundig opplæring og innføring i oppgåvene Arbeid på dagtid, med arbeid enkelte helger og helgedagar etter fast turnus Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Christina Ramsnes, Seksjonsleiar, Ingunn Børø, Sjefbioingeniør,, Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5154580489 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 30.08.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card