Ledig stilling
LÆRDAL KOMMUNE PLEIE OG OMSORG HEIMEBASERTE TENESTER · Lærdal, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- LÆRDAL KOMMUNE PLEIE OG OMSORG HEIMEBASERTE TENESTER
- Location
- Lærdal, Norge
- Posted
- August 11, 2026
About this job
Om stillinga Stillinga er 40 % som koordinator og 60 % som sjukepleiar i heimetenesta. I koordinatorstillinga vil du jobbe med kartlegging og koordinering av pasientforløp, og ha ei aktiv rolle i tildeling av tenester i helse og omsorg. Kommunen skal frå 1. september etablere tildelingskontor, lokalisert i Lærdal rådhus, der koordinator i pleie og omsorg vil ha ei naturleg rolle. 60% av stillinga vil vere plassert i heimesjukepleien, dagtid, med arbeid kvar 3 helg. Du vil arbeida i team, saman med andre sjukepleiarar/vernepleiarar. Vi jobbar for å rigga sjukepleiartenesta i team, reindyrka sjukepleiar oppgåvene, for å sikre rett kompetanse til rett oppgåve. Du vil komme til å ha vakter der du er ein del av eit ambulant team, og vakter der du er ein del av den ordinære bemanninga i avdelingane. Me søkjer deg med sjukepleiar/ vernepleiar utdanning til ein spannande arbeidskvardag, der pasient, fag og medarbeidarskap står i fokus! Om arbeidsgjevaren: Heimesjukepleia yter tenester til 12 heildøgns bemanna omsorgsbustader, og ca. 70 teneste mottakarar rundt om i bygda. Me er samlokaliserte med Lærdal bu og omsorgsheim, der det er 23 plassar; 1 KAD, 4 korttid og 18 langtids plassar. I tillegg har me eige kjøkken, fysio/ ergoterapeut, sakshandsamar, demenskoordinator og aktivitetstove med mykje liv og røre! Me er omlag 75 tilsette, og kanskje vert du vår nye kollega! Er dette deg? Ansvarsfull, sjølvstendig og god til å samarbeida med andre Arbeidar nøyaktig og kunnskapsbasert Fagleg oppdatert og ynskje om å utvikla deg vidare Hjå oss får du: Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer Spennande og varierte arbeidsoppgåver Moglegheit for fagleg og personelg utvikling Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen Støttande leiing Tilsetting i ei trygg offentleg verksemd Kva kvalifikasjonar krev me? Autorisasjon som sjukepleiar/ vernepleiar Ynskjeleg med vidareutdanning innan geriatri Førerkort klasse B - godkjent i Norge Gyldig politiattest Gyldig arbeids- og opphaldsløyve Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 eksamen for søkjarar utanfor Skandinavia Relevant erfaring vert vektlagd Me tilbyr: Løn i tråd med hovudtariffavtalen i KS, med plassering i garantilønstabell i gruppe 2, basert på utdanning, kompetanse og erfaring Gode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLP Gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet Eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving Tilbod om rekrutteringstilskot, kr 60.000 med 2 år bindingstid Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har: Full barnehagedekning Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette. Link til søknadsskjema: Søk her
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card