Fastlegar
Helse og omsorg -legetenesta · Norheimsund, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- Helse og omsorg -legetenesta
- Location
- Norheimsund, Norge
- Posted
- August 11, 2026
About this job
Vil du bli ein del av vårt fagmiljø? Kvam herad søkjer etter to fastlegar ved Helsebanken legekontor i Øystese frå snarast. Me har også ledig eit 6 månaders vikariat ved Norheimsund legekontor frå mars 2027 i samband med at ein av legane skal gjennomføra sjukehusteneste. Som fastlege i Kvam blir du ein del av eit kollegium på 11 fastlegar. Du får høve til å følgja pasientane dine over tid, du møter folk i alle aldrar, frå alle samfunnslag og i alle fasar av livet. Fastlegen er viktigare enn nokon gong i den kommunale helse og omsorgstenesta, og for samhandlinga med alle deler av helsetenesta. Helsebanken legekontor ANS ligg i Øystese og er ein veldriven 6-legepraksis i moderne lokale i Hardangerbadet. Alle legane ved kontoret er spesialistar i allmennmedisin, og du vert ein del av eit sterkt fagleg og sosialt fellesskap. Norheimsund legekontor ligg sentralt i Norheimsund og er eit kommunalt legekontor med 5 legestillingar - både avtalar om næringsdrift og fastlønn med insentivordning. Arbeidsoppgåver Kurativt legearbeid i fastlegeordninga Dei to listene i Helsebanken har pr idag hhv. 750 og 900 pasientar. Vikariatet ved Norheimsund legekontor gjeld ei liste med 600 pasientar. Deltaking i legevakt Fastlegane i Kvam deltek i kommunal legevaktsordning. Arbeid på legevakt er fastlønna. Kvam legevakt disponerer to velutstyrte legevaktsbilar for legane, også på dagtid. Fastlegekontora har daglegevaktfunksjon mellom kl 08.00 og 15.30. Arbeid på legevakt kjem i tillegg til fastlegearbeidet. Legevakt er heimevakt med faste tidspunkt der legen skal vera til stades på legevaktstasjonen i Norheimsund. Det er inngått lokal særavtale. Andre aktuelle oppgåver: Rettleiing av legar i utdanningsstillingar og/eller studentar Kommunen har behov for fastlegar til lovpålagde kommunale allmennlegeoppgåver og ynskjer å sørga for ei jamn fordeling av slike oppgåver mellom alle fastlegane. Me ynskjer å inngå avtalar om dette, men viser også til fastlegeforskrifta § 12 om at fastlege i fulltidspraksis kan verta pålagt å delta inntil 7,5 timer per veke i andre allmennlegeoppgåver i kommunen. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege (opplys om HPR-nummer ) Godkjent turnusteneste Spesialistgodkjenning i allmennmedisin er ynskjeleg Gode fagkunnskapar og ferdigheiter Legen må kunne ta del i interkommunal og kommunal legevakt Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg Førarkort klasse B, gjerne kode160 Politiattest er krav ved tilsetting, men skal ikkje sendast ved søknaden Personlege eigenskapar Me søkjer deg som: Er triveleg og omgjengeleg, og ein god samarbeidspartner i kollegiet Har engasjement for allmennmedisin, og ønskjer å bidra til å utvikle fastlegeordninga i Kvam Trivst med akuttmedisin og legevakt Har god kunnskap om faglege retningslinjer, og utfører arbeidet i tråd med desse Møter pasientar på ein respektfull måte, og kommuniserer godt med pasientar Om driftsformer Ønskjer du fastlønn eller næringsdrift? Kommunen er open for ulike driftsformer i det kommunale legekontoret: Næringsdrift Fastlønnsavtale med insentivordning (20% av refusjonsinntekter og eigenandelar) Legar som ønskjer fastlønn under spesialiseringsløpet kan, om dei ønskjer, inngå avtale om næringsdrift ved fullført spesialisering. Kommunen er godkjend som utdanningsverksemd, og vil organisera spesialiseringsløp i allmennmedisin (ALIS) for søkjarar som ikkje allereie er spesialist. Som næringsdrivande lyt ein kjøpe andel av inventar/utstyr/maskinpark. Helsebanken ynskjer primært legar i næringsdrift, men det kan også opnast for vikariat med fastløn. Det er ikkje krav til å betaling for "goodwill"/verdi av opparbeida praksis ved overdraging av liste i næringsdrift. Legekontora nyttar journalsystemet Webmed. Kontoret er tilknytt Norsk Helsenett, og nyttar e-resept og elektronisk kommunikasjon med andre kommunale helse og omsorgstenester og spesialisthelsetenesta. Bruk av e-konsultasjon, e-kontakt og timebestilling via digital dialog med fastlege på helsenorge.no. me har godt utstyrt laboratorium, EKG, spirometri og 24 timars-blodtrykksmåling. Ultralydapparat tilgjengeleg. Kontora har interne fagmøter/smågruppemøter kvar veke. Ta gjerne kontakt med våre kontaktpersonar Ingunn, Ramona eller Ragnar som kan fortelja meir om korleis det er å jobba som fastlege i Kvam! Om kommunen vår Kvam herad har om lag 8500 innbyggjarar. Kommunen strekkjer seg langs vestsida av Hardangerfjorden. Det er godt kollektivtilbod til Bergen. Reisetid til Bergen sentrum er 1 time og 15 minutt. Her kan du lesa meir om korleis det er å flytta til Kvam: https://www.kvam.no/velkomen-til-kvam/dragning-til-kvam/ Kommunen har ei velfungerande helse- og omsorgsteneste, med institusjonar innan heildøgns omsorg og pleie fleire stader i kommunen. Kommunen har legekontor i Øystese og Norheimsund, og utekontor i Strandebarm. Ved Kvam behandlings- og rehabiliteringsavdeling har kommunen eiga KAD-seng, og tek i mot pasientar frå sjukehus for rehabilitering og ferdigbehandling. Kommunen satsar på heimeten
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card